Falangistpartiet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Falange Española de las J.O.N.S. var namnet på den opphavlege fascistrørsla i Spania. Ho vart skipa i 1933 av José Antonio Primo de Rivera, son av General Miguel Primo de Rivera, som styrte Spania på diktatorisk vis under kong Alfons XIII i 1920-åra. Falangistane ville organisere samfunnet etter det dei kalla «nasjonal-syndikalistiske» retningsliner.

I stil og ideologi var falangismen opphavleg heilt lik tidleg italiensk fascisme, mellom anna med forakt for bolsjevisme og andre former for sosialisme, og motstand mot alt demokrati, men òg ein viss forakt for den tradisjonelle overklassen. Etter partiet vart overtatt av Franco og samanslått med monarkistane («carlistane»), fekk det mindre av ein revolusjonær karakter, som fascismen delvis hadde opphavleg, og det vart meir konservativt, sjølv om det heldt fast på mange eksterne trekk ved fascismen og hatet mot sosialisme og demokrati.

Under den spanske borgarkrigen vart Falangen bruka av General Franco, som tok over ideologien deira, mens grunnleggjaren av partiet vart avretta av den lovlege republikanske regjeringa som deltakar i statskuppet. Partiet vart samanslått ved dekret med carlistpartiet, og under Franco si suverene leiing vart det kjernen i den einaste lovlege politiske organisasjonen i Spania under Franco-diktaturet, med det lange namnet Falange Española Tradicionalista y de las Juntas de Ofensiva Nacional-Sindicalista. Denne organisasjonen vart òg kalla Movimiento Nacional, og fungerte som statsberande parti til Franco døydde i 1975. Sidan da har dei vorte splitta opp i ulike grupper.

Medlemmer av partiet vart kalla Falangistas, falangistar.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Den engelskspråklege wikipediaen, art. med namnet Falange, som lesen 20. desember 2008.