Fall
Fall er eit omgrep med fleire tydingar.
Fysikk[endre | endre wikiteksten]
Fall er den rørsla ein lekam får på grunn av tyngdekrafta. Om lekamen berre er påverka av tyngdekrafta kallar ein del eit fritt fall. Alle lekamar fell like fort i vakuum (lufttomt rom), uansett kor tunge dei er. Når ein lekam fell gjennom luft, verkar òg luftmotstanden og ein har derfor ikkje eit fritt fall.
Sjøfart[endre | endre wikiteksten]
Innan sjøfart er fall eit tau eller ei talje som vert nytta til å heise segl, til dømes fokkefall eller storseglfall.
Landform[endre | endre wikiteksten]
Det er òg eit namn på ei grunne i sjøen, eit skjer eller ei klippe som havbølgjene bryt på, helst under vassflata sjølv ved fjøre sjø. Om ein har mange fall kallar ein det ofte ein fallgard.
Geologi[endre | endre wikiteksten]
Innan geologi er fall eller fallvinkelen hellinga til ei naturleg flate i ein bergart. Vinkelen vert målt i forhold til horisontalplanet, og retninga til fallet (fallretninga) er vinkelrett på den horisontale linja i flata (strøkretninga)
Fall vert òg nytta om stader der det har gått ras, som leirfall eller jordfall.