Fallvind

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fallvindområde i høgre biletkant.
Fallvind kan skape kraftig horisontal vind og føre til store øydeleggingar.

Ein fallvind er ei søyle med søkkande luft som kan føre til kraftig horisontal vind på overflata. Med vindstyrke opp mot 240 km/t (67 m/s) kan dei ofte føre til liknande øydeleggingar som ein tornado, og sidan dei ofte oppstår i samband med kraftige torevêr blir ei av og til tatt for å vere nettopp det. Skilnaden på dei er derimot at fallvindar fører til vind ut til alle kantar frå eit sentralt punkt på bakken (divergent vind), medan tornadoar har vind som går inn mot senteret av tornadoen (konvergent vind) i ei roterande rørsle.

Fallvinden kan bli spesielt kraftig i samband med torevêr. Fallvind utan nedbør eller i samband med virga vert kalla «tørr fallvind», medan fallvind i lag med nedbør vert kalla «våt fallvind». Dei fleste fallvindane har ei utstrekking som er mindre enn 4 km i diameter på bakken og vert kalla mikroutbrot. Er dei større enn 4 km i diameter vert dei av og til kalla makroutbrot, og kan i ekstreme tilfelle dekke eit 320 km breitt og 1600 km langt område og vare opp mot 12 timar og meir. Prosessane i dei meir ekstreme tilfella er derimot litt annleis enn for dei fleste fallvindtilfella.

Prosessen startar vanlegvis med at hagl eller store regndropar fell gjennom eit tørrare luftlag. Haglkorna smeltar og regndropane fordampar, ein prosess som krev energi slik at lufta blir avkjølt. Kald luft er tyngre enn varm luft, og dette fører då til at den søkkande lufta akselererer. Når den søkkande lufta treffer bakken spreier den seg til alle kantar.

Eit sjeldnare tilfelle er ein type fallvind kalla «varm fallvind», som oppstår når nedbør fordampar i lufta, og lufta blir komprimert når den søkk frå store høgder. Denne komprimeringa fører til ei oppvarming av lufta. Varme fallvindar opppstår hovudsakleg om natta og kan skape vind opp mot 45 m/s, innehalde svært tørr luft og føre til ein temperaturauke på heile 50 °C. Slike ekstreme temperaturaukar skjer vanlegvis når temperaturen i utgangspunktet er -20 til -30 °C, og varar sjeldan meir enn eit par timar.

Fallvind, og særleg mikroutbrot, er svært farleg for flytrafikk, og har ført til fleire alvorlege flyulykker.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  • Fujita, T.T. (1981). "Tornadoes and Downbursts in the Context of Generalized Planetary Scales". Journal of the Atmospheric Sciences, 38 (8).
  • Fujita, T.T. (1985). "The Downburst, microburst and macroburst". SMRP Research Paper 210, 122 pp.
  • Wilson, James W. and Roger M. Wakimoto (2001). "The Discovery of the Downburst - TT Fujita's Contribution". Bulletin of the American Meteorological Society, 82 (1).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Fallvind