Falsk pussarfisk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Falsk pussarfisk


Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Actinopterygii
Orden: Perciformes
Familie: Blenniidae
Slekt: Aspidontus
Art: A. teaniatus
Vitskapleg namn
Aspidontus taeniatus
Falsk pussarfisk
Namn på andre språk
Engelsk Sabre-toothed blenny
Tysk Falscher Putzerfisch
Fransk Faux labre nettoyeur, blennie mimétique


Falsk pussarfisk (Aspidontus taeniatus) er ein slimfiskart som lever i tropisk vatn i det Indiske hav. Namnet sitt har han fått fordi han liknar på ein pussarfisk som han òg imiterar dansen til. På denne måten får han koma tett inntil store fisk som han bit kjøt- og finnebitar av før han pilar av garde for å gøyma seg. Dette er eit døme på mimikry. Fisk som har vorte lurt ein gong, vil derimot gå til åtak på falske pussarar ved seinare høve.

Dei falske pussarane lever i hol og tomme røyr etter børstemakk.

Kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

Falsk pussarfisk liknar svært på pussarfisken Labroides dimidiatus, med lys over- og underside og ei svart, langsgåande stripe på begge sider. Den lettaste måten å sjå skilnad på artane er å sjå på munnen; pussarfisken sin sit ytst på dyret medan den falske pussarfisken har han plassert under snuta. Maksimal kroppslengd er 11 cm.

Kjelder og referansar[endre | endre wikiteksten]

  • Meulengracht-Madsen, Jens: Akvariefisk i farger, Cappelen 1976
  • FishBase