Familiegudsteneste
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Familiegudstjeneste er ein forodna liturgi for gudstenester i Den norske kyrkja.
Familiegudsteneste kan etter Gudstenestebok for den norske kyrkja brukast utanom dei ordinære gudstenestene eller i staden for høgmesse eller aftansong på ordinære søndagar.
Liturgien for familiegudstenesta skil seg innleiingsvis frå den ordinære høgmesseliturgien ved at syndsvedkjenninga, Kyrie og kollektbøn er sløyfa, og det i staden vert bruka eigne opningsord, følgd av ein salme, oftast «Måne og sol» , som lovsong. Under tekstlesinga vert berre preiketeksten lesen. Ved ein ordinær familiegudsteneste er det oftast ikkje nattverd.
Kjelder [endre]
- Gudstenestebok for Den norske kyrkja del I Gudstenester ISBN 82-543-0507-2