Fanad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Fanadhalvøya.

Fanad er ei halvøy mellom Lough Swilly og Mulroy Bay på nordkysten av County Donegal i Republikken Irland. Det går ein skilta tursti rundt halvøya. Fanad har ei ujamn kystlinje med mange fine område for fiske etter lyr.

Fanad var sete for overkongane av Irland frå Cenel Connell. Congal Mac Fergus Fanad var overkonge av Irland frå år 700 fram til han døydde i 710. Dei skotske kongane har òg aner tilbake til Fanad. Irske familiar frå Fanad inkluderer O'Breslin-Fanad, O'Donnel, O'Tunny, MacSweney og Clinton. Drottsetet til Cenel Connell-makta låg ved Cashelmor nordvest på Fanad.

Fanad fyr

Det står eit fyr ytst på Fanad. Fyret blei bygd i 1818 og er 13 meter høgt.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]