Fangeleiren ved Guantánamobukta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fanger som er komne til Camp X-Ray januar 2002

Fangeleiren ved Guantánamobukta er ein fangeleir, under jurisdiksjonen til USA, på marinebasen i GuantánamobuktaCuba. USA vil ikkje gje fangane status som krigsfangar eller fangar underlagt sivile domstolar. Dette har, saman med rapportar om utstrekt bruk av tortur, mishandling og langvarig internering, gjort fangeleiren svært omstridt.

Fangeleiren ligg på ein marinebase som USA har drive sidan 1902, men fangeleiren vart ikkje oppretta før i 2002[1]. Fangeleiren har tre leirar på basen: Camp Delta (med Camp Echo), Camp Iguana og den nå stengde Camp X-Ray.

Fangeleiren held menneske som er tekne til fange under den såkalla krigen mot terror, som USA sette i gang etter terroråtaka mot landet i 2001. Nokre av dei er mistenkte for å stå i ledetog med al-Qaida[treng kjelde]. Resten av fangane er av andre årsaker tekne til fange under krigen.

USA har klassifisert alle fangane i fangeleiren som ulovlege fiendtlege stridande (illegal enemy combattants.) Denne klassifiseringa gjev dei ikkje status som krigsfangar. Sidan dei ikkje sit fanga på amerikansk territorium, har USA heller ikkje villa gje dei andre rettar som dei har krav på etter Genèvekonvensjonen. Bush-administrasjonen oppretta militære Combatant Status Review Tribunals som har gjennomgått statusen til fangane.

Frå 2004 har fangetalet på Guantánamo vorte redusert. USA har heller satsa på å fengsle terrormistenkte og krigsfangar i leirar i m.a. Afganistan.

Talet på fangar var høgast i 2003, med 680 fangar frå rundt 40 land. I desember 2006 var det 395 fangar på Guantanamo-basen, og i november 2009 om lag 215. Dei fleste av dei som er fengsla på Guantánamo, er fengsla utan tiltale eller dom. Av 775 fangar sidan 2001, så har 3 blitt dømde ( David Hicks, Salim Hamdan og Ali al-Bahlul ). Det 5. sjølvmordet blant fangar skjedde i juni 2009.

Tvangsfôring har skjedd.[2]

Avgjorte saker[endre | endre wikiteksten]

Trass i at fangane nektast status som krigsfangar, vert sakene handsama av militære domstolar. 3 fangar av 775 sidan 2001, er til no dømde (pr. april 2010):

Tiltalen mot Abd al-Rahim al-Nashiri er fråfalt etter skriftleg ordre frå president Barack Obama. 5.februar 2009.[4]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]