Fanny Mendelssohn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fanny Mendelssohn

Fødd14. november 1805
FødestadHamburg
Død14. mai 1847 (41 år)
DødsstadBerlin
OpphavRhinforbundet
Sjangerklassisk musikk
Instrumentpiano
Verka somkomponist, pianist, universitetslærar
MorLea Mendelssohn Bartholdy
FarAbraham Mendelssohn Bartholdy
Gift medWilhelm Hensel
BornSebastian Hensel
Fanny Mendelssohn teikna av mannen sin, Wilhelm Hensel (1794-1861)
Måleri av Fanny Mendelssohn frå 1842.

Fanny Mendelssohn (14. november 180514. mai 1847), seinare Fanny Hensel, var ein tysk pianist og komponist. Ho er best kjend som syster av Felix Mendelssohn, men hennar eige verk har i nyare tid hausta aukande anerkjenning.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Ho vart fødd i Hamburg i ein berømt jødisk familie under namnet Fanny Zippora Mendelssohn og var barnebarn av den tysk-jødiske filosofen Moses Mendelssohn, men familien konverterte kort etter til kristendommen og ho vart døypt Fanny Cäcilie Mendelssohn Bartholdy. Ho fekk same musikalske utdanning som broren, og viste òg tidleg musikalsk talent. Tidas haldingar til kvinner var likevel hemmande for karrieren og ho utgav ikkje så mange verk i levande live.

I 1829, etter fleire års forloving, vart ho gift med den vidgjetne hoffmålaren Wilhelm Hensel, som var meir positivt innstilt til hennar komponistgjerning enn faren og broren. Hennar verk vart ofte spelt under familiekonsertane heime i Berlin.

Som pianist var Fanny ein viktig støttespelar for broren sine komposisjonar. Ved hennar offentlege debut på piano i 1838, spelte ho Felix' pianokonsert nr. 1.

Fanny Mendelssohn døydde i Berlin. Originalversjonane av verka hennar er i Stiftung Preußischer Kulturbesitz' Mendelssohn-Archiv, og i privateige.

Verk med opustal[endre | endre wikiteksten]

På Berlin-forlaget Bote & Bock utkom julaftan 1846 tre hefte med utvalde verk

  • Sechs Lieder für eine Singstimme mit Begleitung des Pianoforte, op. 1
  • Vier Lieder für das Pianoforte, vol. 1, op. 2
  • Gartenlieder. Sechs Gesänge für Sopran, Alt, Tenor und Baß, op. 3

1847]følgde utgjevinga av tre nye hefte på Verlag A. M. Schlesinger (op. 4 og 5) og Bote & Bock (op. 6).

  • Six Mélodies pour le Piano, vol. 1, op. 4
  • Six Mélodies pour le Piano, vol. 2, op. 5
  • Vier Lieder für das Pianoforte, vol. 2, op. 6

Etter at ho døydde brått i 1850 vart fire bind til gjeve ut posthumt på Leipzig-forlaget Breitkopf & Härtel

  • Vier Lieder für das Pianoforte, op. 8
  • Sechs Lieder mit Begleitung des Pianoforte, op. 9
  • Fünf Lieder mit Begleitung des Pianoforte, op. 10
  • Trio für Pianoforte, Violine und Violoncell, op. 11

Verk utan opustal[endre | endre wikiteksten]

  • Das Jahr, Zyklus von 12 Klavierstücken, oop.
  • Oratorium nach Bildern der Bibel, oop.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Litteratur
  • Françoise Tillard: Die verkannte Schwester. Die späte Entdeckung der Komponistin Fanny Mendelssohn Bartholdy. München (Knaur), 1996 (zuerst Paris 1992) ISBN 3-426-75095-3
  • Ute Büchter-Römer: Fanny Mendelssohn-Hensel. Reinbek bei Hamburg (Rowohlt), 2001 (= Rowohlts Monographien, 50619) ISBN 3-499-50619-X
  • Danielle Roster, Fanny Hensel-Mendelssohn, in: Die großen Komponistinnen. Lebensberichte. Frankfurt am Main (insel), 1998 (=it 2116), S. 181-200. ISBN 3-458-33816-0
  • Eva Weissweiler; Komponistinnen aus 500 Jahren - Eine Kultur- und Wirkungsgeschichte in Biographien und Werkbeispielen, Frankfurt am Main 1981, ISBN 3-596-23714-9
  • Martina Helmig: Fanny Hensel, geb. Mendelssohn Bartholdy. Das Werk, edition text + kritik, München 1997
  • Aloysia Assenbaum (Textfassung) Ein Hörbuch über Fanny Hensel “Nach Süden, Ein Briefwechsel und 11 Lieder“ O-Ton-Produktion, Berlin ISBN 3-9810256-1-X
  • Jutta Rebmann: Fanny Mendelssohn Biographischer Roman (1997), dtv Nr. 20081, ISBN 3-423-20081-2
  • Reich, Nancy B.: The Power of Class: Fanny Hensel. In: Todd, R. Larry. Mendelssohn and his World, Princeton University Press, Princeton, 1991
  • Schwarz-Danuser, Monika. Fanny Hensel In: Die Musik in Geschichte und Gegenwart Allgemeine Enzyklopädie der Musik begründet von Friedrich Blume. Zweite, neubearbeitete Ausgabe. hrsg. von Ludwig Finscher. Personenteil 11, Les-Men. Bärenreiter-Verlag, Kassel. 2004, Sp. 1538-1540.
  • Klein, Hans-Günter. Elvers, Rudolf. Fanny Hensel. Tagebücher, Breitkopf & Härtel, Wiesbaden, 2002
  • Renate Hellwig-Unruh: Fanny Hensel geb. Mendelssohn Bartholdy, thematisches Verzeichnis der Kompositionen, Adliswil, Lottstetten (Kunzelmann), 2000 (= Dissertation Technische Universität Berlin 1999).
Nettstader