Fantasies & Delusions

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fantasies & Delusions
Studioalbum av Billy Joel
Språk inkje språkleg innhald
Utgjeve 2. oktober 2001
Innspelt Juni 1999
Sjanger Klassisk musikk
Lengd 76:17
Selskap Sony Classical, Columbia
Produsent Steve Epstein
Billy Joel-kronologi 
The Ultimate Collection
(2000)
Fantasies & Delusions The Essential Billy Joel
(2001)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic3/5 stars[1]
Rolling Stone2.5/5 stars [2]

Fantasies & Delusions er det første (og så langt einaste) albumet med klassiske komposisjonar av Billy Joel, gjeve ut i 2001. Stykka vart framført av Richard Joo, ein ven av Joel. Albumet vart opphavleg spelt inn i Cove City Sound Studios i Glen Cove i New York, medn hjelp av produksjonskoordinator Bill Zampino og Richie Cannata. Albumet vart spelt inn på ny i Wien i Austerrike, før det kom ut.

Det var det 19. albumet til Joel som gjekk inn på Billboard 200, og nådde 83. plass i oktober 2001.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Billy Joel.

Nr.TittelLengd
1.«Opus 3. Reverie (Villa d'Este)»9:31
2.«Opus 2. Waltz 1 (Nunley's Carousel)»6:58
3.«Opus 7. Aria (Grand Canal)»11:08
4.«Opus 6. Invention in C Minor»1:04
5.«Opus 1. Soliloquy (On a Separation)»11:26
6.«Opus 8. Suite for Piano (Star-Crossed): I. Innamorato»7:46
7.«Opus 8. Suite for Piano (Star-Crossed): Sorbetto»1:30
8.«Opus 8. Suite for Piano (Star-Crossed): Delusion»3:37
9.«Opus 5. Waltz 2 (Steinway Hall)»7:00
10.«Opus 9. Waltz 3 (For Lola)»3:28
11.«Opus 4. Fantasy (Film Noir)»8:56
12.«Opus 10. Air (Dublinesque)»3:46

Symphonic Fantasies[endre | endre wikiteksten]

I 2003 møtte pianisten Jeffrey Biegel Joel for å bestille ein pianokonsert. Som eit alternativ føreslo Joel at Biegel kunne skape ein pianokonsert med stykka frå Fantasies and Delusions. Biegel gjorde dette, og nytta fire av stykka: «Fantasy (Film Noir)», «Sorbetto», «Reverie (Villa d'Este)» og «Nunley's Carousel Waltz». Etter Biegel hadde skrive pianodelen, komponerte Philip Keveren orkesterdelane. Verket fekk tittelen «Symphonic Fantasies for Piano and Orchestra», og hadde premiere 24. juni 2006 i Greensboro i Nord-Carolina.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Fantasies & Delusions». Allmusic. Henta 15. februar 2012. 
  2. [1][daud lenkje]