Fantomet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Fantomet, opphavleg The Phantom, er ein maskert teikneseriehelt som er kjend i ei rekke land. Figuren er skapt av Lee Falk, og stammar frå seriestriper i dagsavisene i Sambandsstatane, der han heiter The Phantom.

Kart over land som gjev ut teikneseriar om Fantomet. Grøne land gjev ut serien i eigne blad, mens blå land berre gjev han ut i aviser.

The Phantom vart skapt av Lee Falk og Ray Moore i 1936. I dag er serien mest populær i Noreg, Sverige, Finland, Australia og India, og han har eige serieblad i alle desse landa. I dei nordiske landa kjem bladet ut på Egmont forlag, i Australia på forlaget FREW, og i USA på Moonstone Books. I Noreg har bladet kome ut sidan 1964. I 1987, 88, 89 og 97 har Fantomet kome i eige julehefte.

Fantomet er óg blitt filmatisert ei rekke gonger, sist i 1996 med Billy Zane i hovudrollen. Ein ny film, The Ghost Who Walks, er ifølge IMDB.com under planlegging.

Spire Denne teikneserieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.