Faraid Head
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Faraid Head er ei lita halvøy på nordkysten av Sutherland i Highland i Skottland, 3 km nord for landsbyen Balnakeil og 4 km nord for Durness.
Det vart bygd ein liten radarstasjon på neset i 1950-åra med eit ROTOR-radarsystem som dekka nordkysten av Skottland. Då stasjonen var ferdigbygd var ROTOR-systemet alt for gammalt og stasjonen vart nedlagd. I seinare år har hovudbygningen vorte renovert og vert nytta som kontrolltårn for bombefelta på Cape Wrath og Garvie Island.
Dei største sanddynene på Dei britiske øyane finst ved Faraid Head.
[endre] Bakgrunnsstoff
- Subterranea Britannica om Faraid Head - [1]
[endre] Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Faraid Head» frå Wikipedia på engelsk, den 21. januar 2010.