Fareham

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Fareham

Fareham handlesenter
Fareham handlesenter
Plassering
Fareham is located in
Styresmakter
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Konstituerande land Flag of England.svg England
Grevskap Hampshire
Distrikt Fareham
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2007)

57 896
Koordinatar 50°51′″N 1°11′″WKoordinatar: 50°51′″N 1°11′″W
Diverse annan informasjon
Postnummer PO14 - PO15
Telefon-retningsnummer 01329
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Fareham

Fareham er ein marknadsby i det søraustlege Hampshire i England, mellom Southampton og Portsmouth. Han er administrasjonssenter for distriktet Fareham. Andre byar i nærleiken er Gosport i sør, Portchester i aust og Wickham i nord. Distriktet har totalt 108 972 innbyggjarar (2002).

Byen ligg på leire, og dette har ført til at produksjon av teglstein, takstein og pipeelement har vore ein viktig næringsveg. Teglsteinane Fareham Red er velkjente i England, og er blant anna brukt til å bygge Royal Albert Hall i London. Hovudnæringsvegen er no handelsbedrifter. I tillegg har mange bedrifter plassert sine servicetelefonsentralar i Fareham.

Byen ligg ved nordvestenden av Portsmouth hamn, og elva Wallington renn fordi Fareham og ut i hamneområdet. Av den grunn har Fareham òg ei rik maritim historie. Royal Navy har sjøkrigsskulen sin der, med over 2000 elevar.

Fareham har alltid blitt overskugga av naboane sine, og sjølv om byen har opplevd stor vekst og har mange innbyggjarar er det liten grunn til å tru at han får status som city i nær framtid.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]