Fargespekter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Fargespekteret er eit ord som skildrar alle synlege former for monokromatisk lys, det vil seie lys med éi bestemt bølgjelengde. Regnbogen inneheld alle fargane i fargespekteret. Grunnfargane høyrer til fargespekteret, men nokre fargar og nyansar består av fleire enn éi bølgjelengde og finst difor ikkje i fargespekteret (og dermed ikkje i regnbogen). Døme er fargar som kvit, rosa, brun og grå.

Bølgjelengder i fargespekteret[endre | endre wikiteksten]

Bølgjelengdene er oppgjeve i nanometer og frekvensane er oppgjevne i terahertz. Overgangen mellom fargane er flytande, så tala er berre eit overslag.

Farge Bølgjelengde Frekvens
Raud ~ 625-740 nm ~ 480-405 THz
Oransje ~ 590-625 nm ~ 510-480 THz
Gul ~ 565-590 nm ~ 530-510 THz
Grøn ~ 520-565 nm ~ 580-530 THz
Turkis ~ 500-520 nm ~ 600-580 THz
Blå ~ 450-500 nm ~ 670-600 THz
Indigo ~ 430-450 nm ~ 700-670 THz
Fiolett ~ 380-430 nm ~ 790-700 THz

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Fargespekter
Spire Denne fysikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.