Fargo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Flyfoto av midtbyen i Fargo, 2008

Fargo er, med sine vel 105 000 ibuarar den mest folkerike byen i delstaten Nord-Dakota i USA. Byen er sete for fylkesadministrasjonen i Cass County. Fargo ligg søraust i delstaten, ved vestbreidda av elva Red River, der han grensar mot delstaten Minnesota og mot byen Moorhead, som ligg på austbreidda av Red River.

Byen Fargo vart grunnlagt i 1871 og er oppkalla etter William Fargo. Fargo er eit senter for varehandel, kulturelle aktivitetar, helsestell, undervisning og industriverksemd. Fargo hyser North Dakota State University.

Folkesetnad[endre | endre wikiteksten]

92,4 % av ibuarane i Fargo er klassifisert som kvite, medan afro-amerikanarar utgjorde 2,5% og var den største minoriteten. Av ibuarane med europeiske anar dominerte folk av tysk og norsk avstamning, med høvesvis 42,7 og 35,0 %.

Bilete[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]