Fasan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Fasan

Status i verda: LC Livskraftig
Svartelista i Noreg: Svartelista i Noreg Ukjend risiko for lokalt biologisk mangfald

Fasan, hann, Phasianus colchicus Foto:  Lukasz Lukasik
Fasan, hann, Phasianus colchicus
Foto: Lukasz Lukasik

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Galliformes
Familie: Phasianidae
Slekt: Phasianus
Art: P. colchicus
Vitskapleg namn
Phasianus colchicus

Fasan (Phasianus colchicus) er ein fugl i fasanfamilien, Phasianidae. Dette er ein asiatisk art som er innført til andre verdsdelar som jaktfugl.

Hannfasanar har mange fargetypar, og varierer i farge frå nesten kvit til nesten svart i somme melaninske eksempel. Variasjonane skyldast oppdrett og kryssing av underartar og kryssing med grønfasan, forsterka av stadige tilførslar frå ville bestandar.

Fasanegg
Fasan
Namn på andre språk
Svensk Fasan
Dansk Fasan
Engelsk Pheasant, Common Pheasant
Tysk Fasan
Fransk Faisan de Colchide, faisan à collier, faisan de chasse
Spansk Faisan, faisán común
Russisk Fazan (Фазан), obyknovennyj fazan (обыкновенный фазан)

Fasanar kan ha kroppsvekt frå 0,5 til 3 kg, med hannar i snitt 1,2 kg og hoer i snitt 0,9 kg.

Vaksne hannar av underarten Phasianus colchicus colchicus er 60-89 cm i lengd inkludert ein lang brunspragla hale. Fjørdrakta på kroppen er gyllen brun med markeringar i grønt, lilla og kvitt. Hovudet er flaskegrønt med en liten topp og karakteristiske raude hudlappen. P. c. colchicus og nokre andre underartar manglar den kvite halsringen som er typisk for dei fleste fasanar.

Hofuglen er langt mindre prangande, med en avdempa brunspragla fjørdrakt over og måler 50-63 cm inkludert ein hale på rundt 20 cm. Ungfuglar liknar hofuglar, men har kortare hale. Hos unge hannar veks det ut karakteristiske lyse fjør på brystet, hovudet og bakkroppen om lag 10 veker etter klekking.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]