Fascismen i Romania

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Frimerke med Jerngarden/legionærane sitt merke.

Fascismen i Romania var i stor grad representert ved organisasjonen Jerngarden (Garda de Fier), leidd av Corneliu Zelea Codreanu, men også regima til Kong Carol og general Ion Antonescu blir rekna som halv-fascistiske («semi-fascistiske»).[1] Jerngarden vart skipa i 1930, og vart ei masserørsle. Jerngarden stod delvis i eit motsetningsforhold til dei høgre-autoritære regima til kong Carol og general Antonescu, og delvis samarbeidde dei med desse regima. Det gjaldt særleg under «Den nasjonale legionærstaten» 1940-1941.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Romania var eit tilbakeliggjande land, der dei store jordeigarane var den dominerande klassen, og folk flest var fattigbønder. I middelklassen var den jødiske minoriteten i landet relativt sterkt representert, og det skapte reaksjonar hos dei etnisk rumenske konkurrentane deira. Venstresida stod svakt i landet, trass i ein viss sympati for den russiske revolusjonen i delar av den talmessig litle industriarbeidarklassen. Det var den ekstreme høgresida som tok opp i seg og spela på sosial misnøye blant småbøndene, i tillegg til den ekstreme anti-kommunismen og anti-semittismen, og forakten for dei politiske partia og parlamentarismen. Fascismen i Romania var òg sterkt religiøst prega, og mobiliserte anti-kommunisme og anti-semittisme på eit kristeleg grunnlag.[2]

Anti-semittismen var utbreidd i landet alt før første verdskrigen, og med den russiske revolusjonen vart han forsterka. Codreanu skreiv i sjølvbiografien sin: «Alle jødar, same om dei var handelsmenn, intellektuelle eller bankfolk, var agentar for kommunistiske idéar retta mot det rumenske folket.»[3]

Organisering[endre | endre wikiteksten]

Corneliu Zelea Codreanu

Den unge Codreanu byrja i 1919 på universitetet i Jasi, og reagerte sterkt på at mange der var venstreorienterte og kritiske til konge, regjering og armé. Codreanu og venene hans byrja å gå fysisk til åtak på jødar og politiske motstandarar ved universitetet. Dei fekk òg gjennom at universitetet skulle halde kristen gudsteneste før undervisninga byrja kvar dag. [4] Det vart danna ymse høgreekstreme grupper som ein kan sjå som forløparar for Jerngarden: Først «Forbundet for kristne studentar» i 1922, så i 1923 «Ligaen for kristeleg og nasjonalt forsvar», som hadde hakekrossen som merke og ville stengje ute jødar frå offentleg teneste, advokatyrket og undervisning og forby dei politiske partia, og sist men ikkje minst «Erkeengelen Mikael» eller «Krossens brorskap», leidd av Codreanu.

Jerngarden blir skipa[endre | endre wikiteksten]

Heile tida bruka fascistane vald, og Codreanu sjølv var i fengsel fleire gonger, men vart sleppt ut etter kort tid sjølv om skuldinga var drap på politimenn. I 1927 danna Codreanu «Legionen til erkeengelen Mikael», som vart den direkte forløparen til Jerngarden. Medlemene i Jerngarden vart òg kalla «legionærar». Legionen hadde ikkje noko program, berre ei «tru», og skulle forsvare «den rumenske rasen» og følgje og dyrke Leiaren, «Kapteinen» (Capitan), Codreanu sjølv. Dei unge mennene i Legionen reid frå landsby til landsby med kvite krossar på brystet, som krossfararar for å konfrontére «dei gudlause jødane». I 1930 vart så Jerngarden oppretta, som ei fascistisk masserørsle med legionen som kjerne.[5]

Kong Carol sitt diktatur[endre | endre wikiteksten]

I 1933 vart Jerngarden forboden av styresmaktene, men svara med å myrde statsministeren. Under rettssaka vart dei direkte mordarane dømde, men Codraneu vart frikjend og forbodet mot Jerngarden oppheva. No byrja også næringslivsleiarar å støtte dei. Men Codraneu fekk ein konkurrent på ytste høgresida: Kong Carol danna òg sin eigen organisasjon og gjekk til åtak på dei politiske partia med sikte på å etablere eit diktatur-regime. Dette førte til konflikt med Codraneu og Jerngarden, som fekk stor framgang ved valet i 1937, med 16 % av stemmene. Kongen svara med i 1938 å oppløyse parlamentet og forby alle andre politiske parti enn sitt eige nydanna parti, «Den nasjonale gjenfødingsfronten», der medlemskap var obligatorisk for alle med offentlege posisjonar. Regjeringa var no berre ansvarleg overfor kongen, og det vart oppretta korporasjonar. Den nye grunnlova, skapt ved dekret, gjorde Romania til «ein semi-fascistisk stat».[6] Codraneu vart fengsla, og myrda av politimenn medan han var i fangenskap. Både regimet og «legionærane» i Jerngarden bruka terrorisme mot kvarandre.

General Antonescu sitt diktatur[endre | endre wikiteksten]

Etter at andre verdskrigen braut ut, fekk Hitler-Tyskland stendig større innverknad i Romania. Nokre «legionærar» vart tekne inn i regjeringa, og anti-semittiske tiltak vart sette i verk. Men da Romania i 1940 måtte gje frå seg landområde dei hadde vunne etter første verdskrigen, mellom anna Nord-Transsylvania til Ungarn, mista kong Carol kontrollen, og jerngardesympatisøren general Antonescu tok over. Antonescu erklærte seg som Conducator («Førar») og etablerte «Den nasjonale legionærstaten». Jerngarden fekk viktige postar i regjeringa, mellom anna vart leiaren etter at Codreanu var død, Horia Sima, visestatsminister. Legionærane sitt eige «politi» tok seg no til rette med mange tilfelle av grov vald og ulovleg overtaking av eigedom, ikkje berre retta mot jødar, men òg mot etniske rumenarar. Dette skapte reaksjonar, og ein maktkamp mellom Antonescu og Sima måtte kome. Det avgjerande for utfallet var at Hitler valde å støtte generalen, og oppmoda han om å ta seg av Jerngarden slik han sjølv tok seg av SA i 1934. Legionærar vart fjerna frå dei mest framståande posisjonane sine, og lojale offiserar kom ofte inn i staden. Jerngarden prøvde seg på ein revolt, og under denne myrda dei mellom anna ei mengd jødar på bestialsk vis. Men den regulære hæren viste seg sterkare enn Jerngarden, og Antonescu fekk full kontroll. «Den nasjonale legionærstaten» vart oppløyst, og erstatta med ein «Nasjonal og sosial stat».[7]

Antonescu-regimet var alliert med Hitler-Tyskland under andre verdskrigen, og deltok i krigen mot Sovjetunionen. Ifølgje ein rapport frå ein internasjonal kommisjon utgjeven av den rumenske regjeringa i 2004, er regimet ansvarleg for drapet på mellom 280 000 og 380 000 jødar i Romania, Bessarabia, Bukovina og Transnistria. Dette inkluderer deportasjonar til konsentrasjonsleirar og avrettingar gjennomførte av den rumenske hæren og politiet og tyske Einsatzgruppen.[8]

Antonescu-regimet vart styrta i 1944, under påtrykk frå dei sovjetiske offensivane i området.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. F. L. Carsten: The Rise of Fascism, Methuen 1970, side 188.
  2. Carsten, side 183 og framover.
  3. Carsten, side 182
  4. Carsten, side 183
  5. Carsten, side 185-187
  6. Carsten, side 188.
  7. Carsten, side 190-193.
  8. http://en.wikipedia.org/wiki/History_of_Romania#Greater_Romania_.28Rom.C3.A2nia_Mare.29

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]