Faste

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Statue som viser ein fastande buddha.

Faste vil seia å avstå frå all eller nokre typar mat ei viss tid, ofte av religiøse grunnar. Fastinga kan til dømes vera meint som ei botsøving eller ei tid for andeleg fornying. Det kan òg finnast ulike reglar og rituale ein følgjer i samband med fasta.

Faste i ulike religionar[endre | endre wikiteksten]

Bahai[endre | endre wikiteksten]

Ein fastar i nitten dagar, i heile den siste månaden i året, alá. Truande mellom 15 og 70 år som har helse til det fastar ved å avstå frå mat og drikke mellom soloppgang og solnedgang.

Hinduismen[endre | endre wikiteksten]

Ein fastar ut frå ulike tradisjonar, til dømes kvar laurdag eller kvar ekadasji (den ellevte dagen i kvar halvmånesyklus). Å fasta kan gå ut på å avstå frå all mat og drikke eller frå visse typar mat, til dømes kjøt, feit eller krydra mat.

Islam[endre | endre wikiteksten]

Saum er ei tretti dagar lang faste under ramadan. Alle muslimar skal faste då, bortsett frå dei som av visse oppgjevne grunnar ikkje er i stand til det. Ein avstår frå mat og drikke frå soloppgang til solnedgang.

Jødedommen[endre | endre wikiteksten]

jom kippur fastar ein, angrar på synder og søker forsoning med Gud.

Kristendommen[endre | endre wikiteksten]

Tradisjonelt er det ei fastetid før påske og jul og på nokre spesielle fastedagar. Særleg dei ortodokse kyrkjene legg stor vekt på fastedagane. Protestantiske kyrkjelydar legg derimot lite vekt på fasta.

Sjå og[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Faste