Fastelavn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Fastelavnopptog i Danmark på 1800-talet.
Calendar.png

Fastelavn

Faste

Fastelavn feira med karneval i Rio de Janeiro.
Foto: Sergio Luiz

Fastelavn (frå mellomplattysk vastel-avent) er veka før faste. Tidlegare vart nemninga brukt på kvelden før fasta, som byrjar oskeonsdag. Deretter vart ho utvida til å omfatte heile fastelavnssøndag, blåmåndag og feittysdag, og seinare altså til ei heil veke.

I mange land brukar dei ordet karneval på tida før faste. I Noreg vil dei fleste likevel vise til utkledningsfestar, ein av skikkane knytt til fastelavn, når dei seier «karneval».

Heidenske skikkar[endre | endre wikiteksten]

Fleire heidenske skikkar vart tekne med i fastelavnsfeiringa. Desse skikkane spelte på overgangen frå vinter til vår. Best bevart er fastelavnsriset, som vart bruka som ein fruktbarheitsvekkar. Både jorda framom plogen, tre, dyr og kvinnene i familien fekk seg ein runde med riset.

Andre skikkar var utkledningsleikar, våpenkampar, brenning av rituelle bål, og det noko sære med å spenne nakne jomfruer framom plogen.

Fastelavn i dag[endre | endre wikiteksten]

Fastelavn blir ofte forbunde med karneval, både i Noreg og i utlandet. Her heime er det gjerne ungane som kler seg ut. Nokre av dei mest kjende karnevala utanlands finst i Rio de Janeiro, New Orleans, Venezia og Luzern.

Det er vanleg å plukke inn bjørkegreiner og laga fastelavnsris. Typisk kosemat under fastelavn er fastelavnsbollar og berlinerbollar.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Fastelavn