Fastnet Rock

Koordinatar: 51°23′3″N 9°36′1″W / 51.38417°N 9.60028°W / 51.38417; -9.60028
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fastnet Rock

Fastnet fyr
Oppretta1904
Fyrtårn
Høgd44,4 m
Fyrlys
Lysstyrke38 000 cd
Lyshøgd48,5 moh.
Lysvidde27 nm
Status
Automatisert1989
Kart
Fastnet Rock
51°23′18″N 9°36′06″W / 51.38833333°N 9.60166667°W / 51.38833333; -9.60166667

Fastnet Rock (irsk An Charraig Aonair) er ei lita øy sør for Irland, 6,5 km sørvest for Cape Clear Island (Oileán Chléire) i County Cork og 13 km frå fastlandet. Øya ligg i Atlanterhavet. Øya stig 30 meter over sjøen ved fjøre sjø og gamle kjelder tyder på at namnet kjem frå det norrøne namnet Hvastann-ey.

Fastnet Rock består av sjølve øya og ei mykje mindre øy kalla Little Fastnet 10 meter sør. Fastnet Rock vart òg kalla «Ireland's Teardrop», «Irland si tåre», sidan det var det siste irske stykke land dei irske emigrantane såg på veg til USA1800-talet, då dei segla forbi ho.

Fastnet Rock brukte å vere snupunktet i eit av dei største klassiske seglekonkurransane i verda, Fastnet Race, eit 979 km langt løp frå Cowes, rundt øya og til Plymouth.

Fastnet Rock fyr[endre | endre wikiteksten]

Det noverande fyret på øya er det andre som vart bygd på skjeret og det høgaste i Irland.

Det første stod ferdig i 1854 og erstatta eit tidlegare fyr som vart bygd på Cape Clear Island i 1818, delvis fordi eit ein pakkbåt på veg til USA gjekk på land på den nærliggande West Calf Island i tjukk tåke i november 1847. 92 av 110 passasjerar mista livet. Det nye fyret vart bygd i støypejern med ein innvendig kledning av murstein etter teikningar av George Halpin. Tårnet var 19,4 meter høgd med ei 8,4 meter høg lanterne på toppen, som gav ei total høgd på 27,7 m. Ho hadde ein oljelampe som gav eit lys på 38 000 candela, i motsetnad til moderne fyr som vanlegvis gjev 1,3 mill candela. I 1883 vart det installert eit eksplosivt tåkesignal, som elektronisk detonerte ein liten ladning av skytebomull kvart femte minutt i tåke.

Fyret viste seg å vere for svakt bygd sidan kraftig vind rista det så kraftig at porselenet stundom vart kasta av borda. Det vart gjort tiltak for å stabilisere fyret, mellom anna å byggje ut den nedre delen og fylle det mest stein, og å fylle dei lågare etasjane med tunge material.

I 1891 vart det avgjort at lyset var for svakt, særleg for dei første skipa som kom mot land etter å ha kryssa Atlanteren. Erstatninga vart bygd i stein, sidan støypejern ikkje vart rekna for å vere tilfredsstillande. Det nye fyret vart teikna av William Douglass og bygd av James Kavanagh, og bygginga starta i 1897 med granitt som byggmasse. Kavanagh la sjølv ned kvar einaste stein, som vog mellom 1,75 og 3 tonn kvar. Det nye fyret kom i teneste 27. juni 1904. Murtårnet er 44,5 meter høgd og lyshøgda er 48,5 meter over havet. Nedst er fyret 15,8 meter i diameter.

Tåkesignalet vart endra til eit signal kvart tredje minutt i 1934 og frå 1965 vart det sendt ut eit kraft lysglimt når det var mørkt og tåke. Den opphavlege parafinlampen vart erstatt med eit elektrisk lys i 1969. Mot slutten av mars 1989 vart fyret automatisert.

Fyret gjev eit 0,14 sekundar langt kvitt glimt kvart femte sekund, med ein nominell rekkevidde på 27 nautiske mil (50 km) og ein styrke på 2,5 millionar candela. I 1974 vart det eksplosive tåkesignalet erstatta av ein elektrisk tåkelur som gjev 4 tut kvart minutt med ei nominelle rekkevidde på 7 km.

I sommarmånadane går det båtturar frå Cape Clear (Clear Island) og ut til fyret.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

51°23′3″N 9°36′1″W / 51.38417°N 9.60028°W / 51.38417; -9.60028