Fatamorgana

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fata Morgana observert på norskekysten
Fatamorgana endrar forma på ein båt i det fjerne

Fatamorgana er ei luftspegling eller ei hildring som kan oppstå som eit resultat av ein temperaturinversjon. Objekt på horisonten, som til dømes øyar, skip eller isfjell, framstår som strekt og høgare enn dei i røynda er, eller kan verke å sveve over vatnet. Namnet kjem frå italienske diktarar som trekte samanlikning mellom slike luftspeglingar, observert ved Messinasundet ved Sicilia, og det undersjøiske krystallpalasset til fea Morgan le Fay, halvsystera til Kong Arthur, som kunne forandre form og som i dei gamle riddarsagaene vert omtalt som ei trollkvinne.

I roleg vêr kan eit område med varm luft over kald luft nær overflata fungere som ei refrakterande linse som skapar eit opp-nedbilete som det fjerne biletet ser ut til å sveve over. Fatamorgana er mest vanleg om morgonen etter ei kald natt som har skapt varmestråling frå jorda.

Fatamorgana er mest vanleg i høge dalar og i polare strøk.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Fatamorgana