Fats Domino

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fats Domino

Fødd26. februar 1928
FødestadNew Orleans
Død25. oktober 2017 (89 år)
DødsstadHarvey (Louisiana)
FødenamnAntoine Dominique Domino
AliasFats
OpphavNew Orleans i Louisiana i USA
Aktiv1949-2017
SjangerR&B
Rock and roll
Pianoblues
Boogie-woogie
InstrumentPiano
Stemmetypebaryton
PlateselskapImperial, ABC, Mercury, Broadmoor, Reprise, Sonet, Warner Bros. Records, Toot Toot
Verka somLåtskrivar, musikar
PrisarNational Medal of Arts, Grammy Lifetime Achievement Award, stjerne på Hollywood Walk of Fame, Rock and Roll Hall of Fame

Antoine Dominique «Fats» Domino (26. februar 192825. oktober 2017) er ein klassisk R&B- og rock and roll-pianist, songar og låtskrivar.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Domino vart først nasjonalt kjend i USA med «The Fat Man» i 1949 på Imperial Records. Songen vert stundom rekna som ein av dei tidlegaste rock and roll-platene med rullande piano og eit markant etterslag. Singelen selde over ein million eksemplar og vert òg rekna som den første rock and roll-plata som gjorde dette.

Ut på 50-talet kryssa Domino ver i popsjangeren med «Ain't That a Shame» (1955), som nådde Topp 10, medan Pat Boone seinare tok songen heilt til topps på singellista med ein mildare versjon. Domino gav ut heile 37 singlar som nådde Topp 40, som «Whole Lotta Loving» og «Blue Monday».

I 1956 gav han ut ein livleg versjon av «Blueberry Hill», opphavleg ein song av Bobby Cerdeira, Al Lewis og Larry Stock frå 1940. Songen nådde andreplass på singellista i USA og låg på 1. plass på R&B-lista i 11 veker og var den største hitten hans. Singelen selde meir enn 5 millonar eksemplar i 1956 og 1957. Songen hadde tidlegare vorte spelt inn av mellom andre Gene Autry og Louis Armstrong.

Fats Domino medverka i to filmar i 1956, Shake, Rattle & Rock! og The Girl Can't Help It.

Fats Domino opptrer i 1977.
Fats Domino opptrer i 1992.

Domino heldt fram å gje ut hitsinglar for Imperial til tidleg 1962, som «Walkin' to New Orleans» (1960, nådde 6. plass), skriven i lag med Bobby Charles og «My Girl, Josephine» (nådde 14. plass) same året. I 1963 forlet Domino Imperial Records då eigarane selde selskapet. I alt spelte Domino inn over 60 singlar for selskapet og 40 av dei gjekk inn på Topp 10 på R&B-lista, og 11 av dei på Topp 10 på poplista.

I 1963 skreiv han under for ABC-Paramount Records som ønskte han i Nashville der han fekk ny produsent og arrangør, som la på korsang på dei fleste innspelingane hans. Kanskje som følgje av den velkjende stilen hans vart endra på, så fall platesalet hans kraftig og av 11 singlar for selskapet fekk han berre ein Topp 40 hit med «Red Sails in the Sunset» (1963). Med den britiske invasjonen mot slutten av 1964 hadde musikksmaken til folk endra seg og Domino fekk ikkje fleire singlar inn på listene. Han heldt derimot fram med å gje ut plater til om lag 1970.

I 1980-åra avgjorde Domino at han ikkje skulle forlate New Orleans igjen og mislikte turnelivet, visstnok fordi han ikkje likte maten nokon andre stader. Han spelte heller ikkje då han vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame eller då han vart invitert til Det kvite huset i Washington.

I 2004 plasserte Rolling Stone han på 25. plass på lista si over dei 100 største artistane gjennom tidene.[1]

Fats Domino valde å bli verande i heimen sin då orkanen Katrina raste over New Orleans i august 2005. Huset hans vart alvorleg råka av den store flaumen i etterkant av orkanen og ein trudde ein stund at han hadde omkomme, men han og kona vart redda 1. september.

Han har også fått ei stjerne på Hollywood Walk of Fame.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «The Immortals: The First Fifty». Rolling Stone Issue 946. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]