Feøy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Feøy
Hamna på Feøy
Hamna på Feøy
Geografi
Norway - Feøy.png
Stad Nordsjøen
Koordinatar 59°22′55″N 05°09′22″EKoordinatar: 59°22′55″N 05°09′22″E
Høgaste punkt 32 moh.
Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Rogaland
Demografi
Folketal 33

Feøy er ei øygruppe i Karmøy kommune som ligg mellom Karmøy og Utsira. Feøy har 33 fastbuande og det er mange hytter på øyane. Det er dagleg rutebåt til Haugesund.

På første halvdel av 1900-talet var det drive gruvedrift etter nikkel på Feøy, som elles har vore prega av gardsbruk og fiske. Mange gardshus er i dag omgjort til feriebustader. I dag er det ein god del villsau som beiter store delar av året. I tillegg er det ein del oppdrettsanlegg på Feøy.

Feøy er ei populær ferieøy med skjergardsliknande viker og kanalar, og idylliske friluftsområde. Mange har bygd hytte eller skaffa seg eldre hus som dei nyttar til feriebustad. Det er òg mogeleg å leige hytte eller hus her om sommaren. Ved kaien der rutebåten[1] legg til kai ligg det ein liten landhandel etter gammal stil.