Feda kommune

Koordinatar: 58°16′10″N 6°49′11″E / 58.26944°N 6.81972°E / 58.26944; 6.81972
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Feda

Feda er ein tidlegare kommune i Vest-Agder fylke[1][2], oppretta i 1900 og lagt ned i 1962.[1] Området er no del av Kvinesdal kommune.[1]

Kommunen femnde landet på begge sider av Fedafjorden,[2] og hadde same utstrekking som Feda sokn. Kommunesenteret låg i strandstaden Feda der Fedaelva renn ut. Feda var i eldre tid tingstad for bygdene kring, og staden har vore kyrkjestad sidan mellomalderen.[2]

Feda kommune grensa til Flekkefjord og Gyland i nord, Kvinesdal i aust og Lyngdal og Farsund i sør.

Kommunesoge[endre | endre wikiteksten]

Feda kommune vart skipa 1. januar 1900 ved at Feda sokn var skild ut frå Kvinesdal kommune (som då heitte Liknes) som eigen kommune.[1] Ved opprettinga budde det 1090 personar i kommunen. 1. januar 1963 vart området saman med Fjotland kommune slege saman att med Kvinesdal. Ved nedlegginga budde det 576 personar i kommunen.[1]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 ¨Dag Juvkam. ««Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen»» (PDF). Statistisk sentralbyrå. s. pp. 38-41. 
  2. 2,0 2,1 2,2 Per Tang (1951). «Feda». I Arnulv Sudman. Norsk Allkunnebok IV. Oslo: Fonna. s. 239-240.  [sidetalet viser til kolonnetal (to kolonnar pr. side)]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

58°16′10″N 6°49′11″E / 58.26944°N 6.81972°E / 58.26944; 6.81972