Federico Fellini

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Federico Fellini

Federico Fellini (20. januar 192031. oktober 1993) var ein italiensk filmregissør og manusforfattar, rekna som ein av dei viktigaste filmskaparane frå etterkrigstida. Fellini var med på å starta neorealismen innan italiensk film, men danna seinare ein særeigen, personleg stil som blanda vanlege situasjonar og draumeaktige bilete. Fellini blei internasjonalt kjend for La Strada ('Landeveien') frå 1954, som fekk Oscarprisen for beste utanlandske film. Deretter vann La Dolce vita (1960) hovudprisen i Cannes, medan Le notti di Cabiria (1957), 81/2 (1963) og Amarcord (1974) vann fleire oscarprisar.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Federico Fellini var fødd i Rimini i 1920. Som attenåring flytta han til Firenze og året etter, i 1939, til Roma, der han ønska å bli humoristisk teiknar. Han bidrog med teikningar og forteljingar til magasinet Marc'Aurelio. Under andre verdskrigen skreiv han manus for radioskodespelet Cico e Pallina. Her spelte Giulietta Masina, som Fellini blei kjend med og gifta seg med i 1943. Masina skulle spela i nokre av dei største filmane hans.

Med nokre vennar grunnla han ein butikk som selde fotografi, portrett, karikaturar og lydopptak til allierte soldatar frå andre verdskrigen. Her blei Fellini kjend med regissøren Roberto Rossellini, og blei med på å skriva manuset til Roma città aperta (1945), det best kjende dømet på italiensk neorealisme. Fellini skreiv filmmanus til ei rekkje italienske regissørar, som Pietro Germi (Il cammino della speranza, 1950), Alberto Lattuada (Senza pietá, 1948), Luigi Comencini (Persiane chiuse 1951), og fleire for Rosselini, som Paisà, Il miracolo og Europa '51.

Regissør[endre | endre wikiteksten]

Etter fleire samarbeid med Rosselini debuterte Fellini sjølv som regissør med Luci del varietà i 1951, som han laga med Alberto Lattuada, og åleine med Lo sceicco bianco i 1952. I vitelloni (1953), om yrkeslause unggutar i provinsane, er rekna som eit meisterverk av kritikarar.

Med oscarvinnande La strada innleidde Fellini ein trilogi som tok for seg uskuld og frelse i ei vondskapsfull verd. Filmen nytta det aude landskapet mellom Viterbo og Abruzzo til å understreka det tomme tilhøvet mellom hovudrollane i filmen. La Strada blei kritisert av venstrepressa i Italia, men fekk mykje ros i utlandet.

Trevi-fontenen er del av ein kjend scene frå La dolce vita.

La Dolce vita frå 1960 var ei satirisk skildring av sosietetsliv i Roma. Fleire landemerke i byen, som hovudgata Via Veneto, blei med i filmen, og han var den første der Marcello Mastroianni spelte for Fellini. Filmen var dårleg likt av italienske styresmakter og den katolske kyrkja, men vann gullpalmen ved filmfestivalen i Cannes.

Otto e mezzo eller 8 1/2 frå 1963 handlar om ein kjend regissør med skaparsperre. Tittelen viser til talet på filmar Fellini hadde laga til då. Filmen er rekna som ei perfekt blanding av symbolisme og realisme, og blei utropt til den beste europeisk filmen nokonsinne av eit ekspertpanel i 1987.

I seinare filmar tok Fellini for seg myter rundt Roma, film og sitt eige liv, mykje blanda med fantasi. Seinare filmar fekk mindre overveldande mottakingar. Casanova frå 1976 blei både lovprist som ein fest for augo og kritisert som innhaldslaus.

Dei siste åra av livet produserte Fellini reklamefilmar for fjernsyn, som på sin måte viser eit sterkt tak på filmografi og populærkultur. Han stilte også ut skisser og notatbøker med nedskrivne draumar som avslørte undermedvitet som ei viktig kjelde til verket hans.

Filmografi[endre | endre wikiteksten]

Filmar skrivne og regisserte av Fellini:

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Plakett til minne om Fellini og La dolce vita i Via Veneto.

Federico Fellini blei utnemnd til riddar, Cavaliere di Gran Croce Ordine al Merito della Repubblica Italiana, i 1987.

Fellini vann 8 oscarprisar og blei nominert 23 gonger. Han fekk ein æresoscar i 1993.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • «Fellini, Federico», Encyclopædia Britannica, Encyclopædia Britannica Online, 2010 
  • «Fellini, Federico», Britannica Book of the Year, 1994, Encyclopædia Britannica Online, 2010 
  • «Fellini, Federico», World Encyclopedia, Philip's, 2008