Federsee

Koordinatar: 48°05′N 9°38′E / 48.083°N 9.633°E / 48.083; 9.633
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Federsee
innsjø
Land  Tyskland
Areal 33 km²
Største djupn m
Koordinatar 48°05′N 9°38′E / 48.083°N 9.633°E / 48.083; 9.633
Kart
Federsee
48°05′00″N 9°38′00″E / 48.083333333333°N 9.6333333333333°E / 48.083333333333; 9.6333333333333
Wikimedia Commons: Federsee

Federsee er ein myraktig innsjø, delvis overgrodd av siv, nord for Bad Buchau i Oberschwaben sør i Tyskland. Med ein storleik på 33 km² er han ein av dei største innsjøane i Sør-Tyskland. På det djupaste er Federsee berre 2 meter djup.

Innsjøen er eit naturreservat for å verne om fuglane i området. Om lag 265 forskjellige artar held til ved eller nær innsjøen, og 107 av desse hekkar her. Av fugleartane finn ein mellom anna utryddingstrua fuglartar som buskskvett og sivhauk.

I området rundt Federsee er det gjort funn frå steinalderen og bronsealderen, som ein kan sjå på Federsee Museum.

Sidan innsjøen er fullstending omgjeve av belter med siv og myr er det umogeleg å nå innsjøen direkte. Derfor er det bygd ein 1,5 km lang kai av tre, som leiar ut mot ope vatn. Her er det ein observasjonsplattform og mogeleg å leige båt.

Nærast vatnet ligg landsbyen Tiefenbach. Når innsjøen frys til om vinteren er det mogeleg å gå frå Tiefensee til Bad Buchau over isen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Federsee

Kjelde[endre | endre wikiteksten]