Fedon Lindberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fedon Lindberg
Statsborgarskap Noreg
Fødd 6. november 1962 (61 år)
Hellas
Yrke lege, forretningsdrivande
Språk gresk, norsk

Fedon Alexander Lindberg, (fødd 6. november 1962) er ein norsk-gresk lækjar, utdanna i Athen. Han er kjend for kontroversielle meiningar om kosthald og slanking.

Han endra etternamnet sitt frå Chatsipanagiotou til Lindberg i 1991.

Våren 1999 starta han klinikken Vekt i balanse, og to år etter kom boka Naturlig slank - med kost i balanse.

Lindberg har gjort seg kjend i Noreg som forkjempar for ein karbohydratfattig livsstil. Ved hjelp av den glykemiske tabellen, meiner han, kan ein sjølv styra koss matinntaket skal påverka blodsukkeret. Media har skulda han for å prakka på folk endå meir slankehysteri, men Lindberg sjølv står hardt på at han står for ein sunnare livsstil for kroppar som ikkje taklar det tradisjonelle norske karbohydratinntaket. Dietten han utvikla er blitt kalla Fedon-kuren eller Fedon-dietten på folkemunne.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • 2001: Naturlig slank med kost i balanse
  • 2002: Kokeboken Naturlig slank[1]
  • 2003: GI-lister for kost i balanse
  • 2004: Helt Gresk
  • 2004: Sukkerbiten
  • 2006: Fedons Metode
  • 2008: Barn i balanse
  • 2011: Mat for livet : Smart lavkarbo for hele familien
  • 2012: Smartkarbo - ikke ett fett
  • 2012: sunne pastaretter
  • 2014: Tid med maten : Nyt mer, oppnå mer ro, hold vekten
  • 2018: Mat for hjertet
  • 2018: Kokeboken naturlig slank med tarm i balanse
  • 2021: Hjertegod mat[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Lindberg, Fedon Alexander (2002). Naturlig Slank.  [Boken inneholder en rekke matoppskrifter og gir ytterligere praktiske råd og veiledning om hvordan kostholdet kan gjennomføres i praksis.]
  2. Lindberg, Fedon Alexander (2021). Hjertegod Mat. Cappelen Damm.