Fedrelandslaget

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Fedrelandslaget var ein norsk organisasjon som vart skipa i 1925. Ingeniøren Joakim Lehmkuhl er rekna som initiativtakar til skipinga. Elles var polfararen Fridtjof Nansen og tidlegare statsminister Christian Michelsen med mellom stiftarane. Føremålet med organisasjonen var å skapa ein borgarleg front mot den framveksande sosialismen. Høgresida i norsk politikk skulle samlast. Fedrelandslaget spela ei viktig rolle i stortingsvalet i 1930, utan sjølv å stilla til val.

Om Fedrelandslaget i 1930-åra seier Norgeslexi dette: «I 1930-årene var Fedrelandslaget tydelig inspirert av italiensk fascisme og tysk nasjonalsosialisme, men samtidig ble organisasjonen politisk sett en mer marginal foreteelse i Norge.» ([1])

Den seinare skiparen av Anders Langes Parti (no Framstegspartiet), Anders Lange, var partisekretær i Fedrelandslaget frå 1930 til 1938.

Ved stortingsvalet i 1936 stilte Fedrelandslaget eigne lister i nokre fylke og felleslister med Frisindede Folkeparti i andre, men oppnådde ikkje å bli vald inn på Stortinget. Fedrelandslaget vart forbode saman med alle andre politiske rørsler under den tyske okkupasjonen, og starta ikkje opp igjen aktiviteten sin etter frigjeringa.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]