Fedrelandspartiet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Fedrelandspartiet
Ideologi Sjå under Politikk
Oppretta 1990
Partileiar Arild Kibsgaard
Ungdomsorganisasjon Fedrelandsungdommen
Partiavis Fedreland
Ordførarar 0
Kommunestyre-
representantar
0
Fylkestings-
representantar
0
Stortings-
representantar
0
Nettstad www.fedrelandspartiet.no

Fedrelandspartiet var eit norskt parti, som vart stifta 17. mai 1990. Partiet kalla seg eit verdikonservativt nasjonalistisk parti som definerte idegrunnlaget sitt som å verne om Noregs nasjonale interesser, og forsvare og vidareutvikle den norske og kristne kulturarv med basis i ei demokratisk grunnhaldning. [1] Fedrelandspartiet har vore lista som eit høgreradikalt parti.[2]

Innhaldsliste

Politikk [endre]

Som hovudsak arbeidde partiet for å avgrense innvandring til Noreg. Partiet nytta mellom anna menneskerettskonvensjonen som argument for eit nasjonalitetsprinsipp basert på at det ikkje skal vera store forflyttingar av folk mellom nasjonalstatane. Fedrelandspartiet var motstandarar av norsk medlemsskap i EU av same grunn.

Struktur [endre]

Rådet [endre]

Rådet var partiets høgaste organ i den forstand at Rådet skulle godkjenne alle endringar i ideologisk verdigrunnlag samt partiet sine vedtekter. Rådet var ikkje demokratisk valt, men var sett saman av partistiftarane og kunne supplere seg sjølv.

Sentralstyret [endre]

Fedrelandspartiet var organisert i eit sentralstyre som hadde den daglege drifta av partiarbeidet. Sentralstyret vart vald av landsmøtet og hadde ein formann, nestformann, kasserar og sektretær, i tillegg til eit varierande tal på styremedlemmer. Eitt av styremedlemma kom frå Rådet.

Landsmøtet [endre]

Landsmøtet var sett saman av landsstyret, Rådet og eit tal på representantar frå kvart fylkeslag, i tilleg til partiet sine eventuelle stortingsrepresentantar. Til vanleg vart landsmøta haldne i dei åra det ikkje var offentlege val.

Landsstyre [endre]

Landsstyret var sett saman av sentralstyret og formennene i fylkeslaga. Styret vart kalla saman av sentralstyret når dette fann det naudsynt.

Fylkeslag [endre]

Fylkeslag vart oppretta fylkesvis og godkjende av sentralstyret.

Lokallag [endre]

Lokallag vart hovudsakleg oppretta for kvar kommune og godkjende av det aktuelle fylkeslag sitt styre.

Historie [endre]

Fedrelandspartiet vart skipa 17. mai 1990 i Bergen. Ved stortingsvalet 1993 fekk partiet 0,5 % av røystene, noko som er det beste valresultatet i etterkrigstida for eit ytterleggåande innvandringsfiendtlig parti. Ved stortingsvalet 2005 stilte Fedrelandspartiet ikkje til val. Fleire medlemer, inkludert nestleiaren Bjarne Betten, stilte til val for Demokratane.

Partiet vart offisielt lagt ned 31.12.2008. [3]

Statistikk [endre]

Partileiarar [endre]

Valoppslutning [endre]

Kommuneval [endre]

Fylkesval [endre]

Stortingsval [endre]

  • 1993 - Stilte lister i alle fylke. 11 694 stemmer (0,5%): 0 repr. [7]
  • 1997 - Stilte lister i alle fylke. 3 775 stemmer: 0 repr. [8]
  • 2001 - Stilte lister i alle fylke. 2 353 stemmer: 0 repr. [9]
Tidlegare politiske parti i Noreg:
Arbeiderdemokratene | Barn-Eldre | Centrum | Demokratiske Sosialistar | Fedrelandspartiet | Fellesliste mot framandinnvandring | Folkeaksjonen mot Bompengar | Framstegspartiet (1957) | Frie Venstre-veljarar | Frihetsvernet | Frisindede Venstre Fylkeslistene for Miljø og Solidaritet | Kristent Konservativt Parti | Kvit Valallianse | Det Liberale Folkepartiet (1972-1988) | Liberale Folkeparti (1957) | Moderate Venstre | Nasjonalalliansen | Nasjonal Samling | Noregs Demokratiske Parti | Norges Socialdemokratiske Arbeiderparti | Norsk Folkeparti | Norsk Sosialdemokratisk Parti | Politisk Alternativ Hordaland | Det Politiske Parti | Reformpartiet | Rettferdspartiet | Samefolkets Liste | Samfundspartiet | Samlingspartiet | Samlingspartiet Ny Fremtid | Sjukehuslista for bevaring av Vestfold lokalsjukehus | Stopp Innvandringen | Sosialdemokratane | Sosialistisk Folkeparti | Sosialistisk Valforbund | Folkeavstemningspartiet/Tverrpolitisk Liste | Tverrpolitisk Kyst- og Distriktsparti
Sjå òg: Politiske parti i Noreg

Kjelder [endre]