Fehmarn Bælt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Fehmarn Bælt. Den tyske øya Fehmarn ligg i sør og den danske øya Lolland i nord

Fehmarn Bælt (dansk: Femern Bælt) er eit sund mellom den tyske øya Fehmarn og den danske øya Lolland frå Kielbukta til Mecklenburgbukta i vestlege område av Austersjøen. Det går ferjesamband mellom dei to øyane frå Puttgarden til Rødby. Den tyske og danske regjeringa har planar om å byggje ei bru over sundet, men ein er ikkje kome fram til ei løysing enno.

Sundet er om lag 9 km breitt med eit djup på 20-30 meter. Straumane i sundet er svake og stort sett avhengig av vind.

Ferje mellom Fehmarn og Lolland