Feittfugl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Feittfuglfamilien)
Feittfugl
Feittfugl
Feittfugl
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av feittfugl
Utbreiinga av feittfugl
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Feittfuglar Steatornithiformes
Familie: Feittfuglfamilien Steatornithidae
Slekt: Steatornis
Art: Feittfugl S. caripensis
Vitskapleg namn
Steatornis caripensis

Feittfugl (Steatornis caripensis) er ein slank og langvenga fugl med ei kroppslengd på om lag 45 cm. Han er monotypisk i familien Steatornithidae i sin eigen orden Steatornithiformes.

Arten finst i dei nordlege områda av Sør-Amerika frå Guayana og øya Trinidad til Venezuela, Colombia, Ecuador, Peru og Bolivia i skog og skogsterreng med grotter. Dei er sesongmessige migrantar, flytter ut frå område med grotter på søk etter frukttre. Streiffuglar har gjesta Costa Rica, Panama og Aruba.

Feittfuglen er ein nattaktiv fugl som har spesialisert seg på frukter av oljepalmen og tropiske laurbær. Dette i kontrast til alle andre artar av natteramnar som er insektetarar.

Artskildring[endre | endre wikiteksten]

Utstoppa feittfugl

Dette er en stor fugl på 41-48 cm, med eit vengespenn på ca. 91 cm. Han har utflata, kraftfullt krumme nebb, omgjeve av bust opptil 5 cm i lengd. Han er hovudsaklege raudbrune med kvite flekker på nakke og venger. Undersida er kanel-brungul, flekka med kvitt. Dei stive halefjørene har djup brunfarge med kvitflekker på begge sider.

Føtene til feittfuglen er små og nesten ubrukelege anna enn for å feste til vertikale overflater. Han kan sveve, 'stille' i flukt slik at han navigerer gjennom tronge delar av grotter. Feittfuglen er ein av få artar som kan bruke ekkolokalisering under dårlege lystilhøve.

På dagtid kviler fuglane på berghyller i grotter. Dei legg 2-4 skinande kvite egg på ein haug av fugleskitt, vanlegvis nær vatn. Ungane vert særs feite før dei kan flyge, og kan vege opp til ein og ein halv gong så mykje som vaksne fuglar gjer. Ungane har vore hausta og nytta som kjelde for olje, derfor namnet feittfugl.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]