Felipe Guaman Poma de Ayala

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjølvportrett

Felipe Guaman Poma de Ayala (ca 15381620) var ein peruansk historieskrivar.

Guaman Poma blei fødd like etter at spanjolane erobra inkariket og var barnebarn av Túpac Yupanqui. Han blei indoktrinert av kristen tru, og lærte å skrive quechua og spansk som barn. Som vaksen arbeidde han som tolk i forhandlingar mellom spanjolar og dei opphavlege samfunn. I byrjinga samarbeidde han med kolonistane, men stod seinare tydeleg på parti med sitt eige folk.

Han skreiv eit verk på 1200 sider på spansk om inkaene og livet i Inkariket. Boka vart ferdig meir enn 80 år etter at den siste inka fall. Det kan ha teke meir enn 20 år å skrive boka. Ho var ikkje aktuell som historisk kjelde før ho blei attoppdaga i Det kongelege bibliotek i København i 1908. Fleire av dei mange teikningane frå boka til Guaman Poma har vore nytta i nyare bøker.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]