Felix Gottwald

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Felix Gottwald under vinter-OL i Vancouver

Felix Gottwald (fødd 13. januar 1976) er ein austerriksk, tidlegare kombinertløpar frå Zell am See i forbundslandet Salzburg. Mellom 1997 og 2001 vann han 18 medaljar (6-3-9) i ulike verdsmeisterskap på ski og i vinterolympiadar. Halvparten av medaljane oppnådde han i indidividuelle øvingar; eitt gull, to sølv og seks bronsar. Gottwald vann 23 renn i verdscupen, og sikra seg kombinertpokalen for 2001-sesongen.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Gottwald fekk sin fyrste VM-medalje då han i ski-VM 1997 i Trondheim var med på Austerrikes lag som tok bronse i lagtevlinga. Fire år seinare vart det sølvmedaljar på Gottwald og Austerrike i lagtevlinga i ski-VM i Lahti, der han kapra bronsemedaljen i normaløvinga.

Under vinter-OL 2002 i Salt Lake City hamna Gottwald på tredjeplass i begge dei individuelle øvingane, og var dessutan med på laget som vart nummer tre i lagtevlinga. Året etter, i verdsmeisterskapen i Val di Fiemme i 2003, tok Gottwald medalje i alle tre kombinertøvingae. Han fekk medaljar av kvar valør; gull i lagtevlinga saman med Michael Gruber, Wilhelm Denifl og Christoph Bieler, sølv i normaløvinga og bronse i halvprogrammet (sprint).

I verdsmeisterskapen i Oberstdorf i 2005 fekk Gottwald to bronsemedaljar; ein i normaløvinga og ein i lagtevlinga. Høgdepunktet for Gottald kom då han vart olympisk meister i sprint (halvprogram) og i lagtevlinga i Torino, samt tok sølvet i normaløvinga.

Gottwald vann sitt tredje OL-gull då han i Vancouver 2010 atter var mellom dei fire utvalde austerrikarane som vann lagtevlinga, dei andre på laget var Bernhard Gruber, David Kreiner og ankermannen Mario Stecher. I sitt siste internasjonale meisterskap, ski-VM 2011 i Oslo tok Gottwald ein individuell bronse, og han var med på det austerrikske laget som vann begge lagtevlingane.

Han la opp i 2011.

Verdcupsigrar[endre | endre wikiteksten]

Dato Stad Land
2. desember 2000 Kuopio Finland
3. desember 2000 Kuopio Finland
19. januar 2001 Park City USA
1. mars 2001 Nayoro Japan
9. mars 2001 Oslo Noreg
10. Mars 2001 Oslo Noreg
7. desember 2001 Zakopane Polen
16. desember 2001 Steamboat Springs USA
29. desember 2001 Oberwiesenthal Tyskland
5. januar 2002 Schonach Tyskland
11. januar 2002 Val di Fiemme Italia
13. januar 2002 Ramsau am Dachstein Austerrike
1. januar 2003 Oberhof Tyskland
12. januar 2003 Chaux-Neuve Frankrike
8. mars 2003 Oslo Noreg
15. mars 2003 Lahti Finland
12. februar 2005 Pragelato Italia
3. januar 2006 Ruhpolding Tyskland
6. januar 2007 Oberstdorf Tyskland
20. januar 2007 Seefeld Austerrike
9. januar 2010 Val di Fiemme Italia
27. november 2010 Kuusamo Finland
8. januar 2011 Schonach Tyskland

I 2003 vart Gottwald tildelt Holmenkollmedaljen saman med Ronny Ackermann.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]