Felixstowe

Koordinatar: 51°58′N 1°21′E / 51.967°N 1.350°E / 51.967; 1.350
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Felixstowe

Felixstowe Pier & seafront
Felixstowe Pier & seafront
Felixstowe Pier & seafront
Plassering
Felixstowe is located in
Styresmakter
Land  Storbritannia
Konstituerande land  England
Grevskap Suffolk
Distrikt Suffolk Coastal
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2001)

29 349
Koordinatar 51°58′N 1°21′E / 51.967°N 1.350°E / 51.967; 1.350
Diverse annan informasjon
Postnummer IP11
Telefon-retningsnummer 0 1394
Commons har multimedium som gjeld: Felixstowe

Felixstowe er ein hamneby for Nordsjøtrafikk i Suffolk i England. Byen har den største containerhamna i Storbritannia.

Det har lege ein landsby på staden sidan før normannarane erobra området på 1000-talet. Staden vart etterkvart viktig for forsvaret av England, som i 1667nederlandske soldatar gjekk i land og mislukkast i å ta det lokalet martellotårnet.

Så seint som i 1886 vart Felixstowe ei viktig hamn. Turismen auka på same tid, og i 1905 vart piren konstruert. Staden vart eit fasjonabelt feriemål i viktoriansk tid, ikkje minst som følgje av at Felixstowe stasjon og piren vart opna, og at den tyske keisarfamilien vitja staden.

Hamna er den tredje viktigaste i Storbritannia, etter Southampton og Tilbury, med 35% av landet sitt containertrafikk, og den fjerde travleste i Europa etter Rotterdam, Hamburg og Antwerpen. I 2002 vart han òg rangert som den tjuande travleste i verda.

Det er gode vegsamband til Midlands via A14 og til London via A12.

Elva Orwell renn ut i sjøen ved Felixstowe.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]