Fellingsreaksjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ein fellingsreaksjon er ein kjemisk reaksjon som skjer når løysingar vert blanda slik at stoff dei inneheld reagerer og dannar ei tungtløyseleg kjemisk sambinding. Det tungtløyselege stoffet vert då synleg i løysinga, og søkk ofte til botnen. Ein seier at det fell ut. Slik felling kan òg skje i ei overmetta løysning.

Slike reaksjonar kan brukast i kjemisk analyse. Til dømes kan halid som klorid og iodid påvisast i ein reaksjon med sølvnitrat. Med kaliumklorid vert reaksjonen:

    AgNO3(aq) + KCl(aq) ---> AgCl(s) + KNO3(aq)

(aq) tyder at stoffet er i vassløysning, (s) at det er i fast form. Slik viser reaksjonslikninga at sølvklorid fell ut viss ein blandar ei løysning av sølvnitrat og ei løysning av kaliumklorid. Kaliumionet og nitrationet held seg løyst etter reaksjonen.

Andre fellingsreaksjonar kan brukast til å påvisa kation. Fargen på botnfallet gir informasjon om kva ion det inneheld.

Spire Denne kjemiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.