Felsiske mineral

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Felsiske mineral er mineral med ein tettleik på mindre enn 3 g/cm³. Ordet felsisk er avleidd ifrå feltspat og silika. Felsiske mineral er rike på lette grunnstoff som silisium, oksygen, aluminium, natrium og kalium. Felsiske mineral vanlege på jorda inkluderer kvarts, muskovitt, ortoklas og dei natriumrike plagioklasfeltspata. Den mest vanlege felsiske bergarten på jorda er granitt.

Biletgalleri[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]