Feltspat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
FeldsparsGranite.JPG

Feltspat er den mest viktige bergartsformande gruppa av mineral og utgjer opp til 60 % av jordskorpa. Feltspatane er essensielle i magmatiske bergartar der mengde og type brukast i klassifiseringa. Feltspatane krystalliserer frå magma både i djupbergartar og dagbergartar. Dei kan òg opptre som kompakte mineral, i gangar og finst i metamorfe bergartar og mange sedimentære bergartar. Feltspatane kan vere fargelause til kvite og lys grå, men det finst òg variantar som er brune, gule, raude, grøne og svarte.

Etymologi[endre | endre wikiteksten]

Ordet feltspat kjem frå dei tyske orda «feld», som betyr 'felt', og «spat», for 'stein som ikkje inneheld malm'. Visse stader i Noreg bruker ein «spatt» som eit dialektisk uttrykk for feltspat. Om eit materiale inneheld feltspat kan det omtalast som feltspatisk. Feltspatoide mineral er bergartsdannande mineral som liknar på feltspat kjemisk og strukturelt, men som inneheld mindre SiO2 enn feltspatane.

Mineralogi og kjemisk samansetjing[endre | endre wikiteksten]

Feltspatgruppa sine mineral høyrer til nettverkssilikata (det vil si at dei har eit tredimensjonalt rammeverk av silikatar) kor kvart SiO4-tetraeder deler fire oksygenatom med dei tilstøytande tetraedera. For å tillate kation som Na+, K+ og Ca2+ å gå inn i krystallgitteret og verne ladningsbalansen i gitteret har ein til ein viss grad substitusjon av Al3+ for Si4+.

Samansetjinga av feltspatane kan representerast med trekantdiagram med

KAlSi3O8 (kalifeltspat; mikroklin og ortoklas, Or),

NaAlSi3O3 (albitt, Ab) og

CaAl2Si2O8 (anortitt, An)

i kvart sitt hjørne. Blandingar mellom kalifeltspat og albitt vert kalla alkalifeltspat, medan blandingar mellom albitt og anortitt vert kalla plagioklas. I den førstnemnde blandinga er det full blandbarheit ved alle temperaturar, mens i sistnemnde er det berre full blandbarhet ved temperaturar høgre enn 700 °C. Ved lågare temperaturar minker blandbarheten mykje.

Sanidin (monoklin), ortoklas og mikroklin (triklin) er polymorfe kalifeltspatar. Sanidin er mest stabil ved høge temperaturar og mikroklin ved låge temperaturar. I alkalifeltspatane er perthittar vanlege teksturar. Perthittane er avblandingslamellar som vert danna når temperaturen søkk og vert lågare enn 700 °C og det ikkje lenger er full blandbarhet mellom kalifeltspat og albitt.

Plagioklasane klassifiserer ein etter mengde anortitt i minerala:

Eitt trekk som er typisk ved feltspatane er evna til å danne tvillingkrystallar. Hos alkalifeltspat er Karlsbad-tvillingar vanleg, mens hos plagioklas er albitt-tvillingar, kor annakvart individ har lik orientering, svært vanleg.

Alkalifeltspatane finst først og fremst i den kontinentale jordskorpa. Kalifeltspat finst særleg i bergartar som granitt, syenitt, gneis og arkose. Plagioklas dominerer i den oseaniske skorpen og er hovedmineral i basalt, gabbro og dioritt. Bergartar som inneheld meir enn 90% plagioklas vert kalla anortositt. Heilt grov og rein feltspat med opptil fleire meter store krystallar kan finnast i pegmatittgangar.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Feltspat er eit mineral med fleire bruksområde innan industrien og kor det er store krav til at ein har reine mineralkonsentrat.

I industriell samanheng omtalast alkalifeltspat og albitt som ’’kalifeltspat’’ og ’’natronfeltspat’’. Begge utgjer viktige delar av mineralblandingar som brukast til forskjellige typar glas, porselen, keramikk, glasur og emalje. Dessutan brukast feltspat, særleg plagioklas, som slipemiddel og fyllmasse (filler) i mellom anna måling, sparkel og plast.

Kalifeltspat vert føretrekt i produksjon av keramikk og porselen, mens natronfeltspat vert føretrekt til dømes i glas. Grovkrystallin og kvit albitt (òg kalla «tannspat» eller «dentalspat») brukast òg til produksjon av kunstige tenner.

Sand framstilt ved knusing og sikting av anortositt brukast som eldfast-materiale, til ulike typar aluminiumskjemikaliar, keramikk og kvit pukk som nyttast i ulike typar lyst vegdekke.

Feltspat brukast òg ofte som halv-edelstein i smykke. Desse omfattar den grønfarga alkalifeltspaten amazonitt, ein plagioklas med eit metallisk blåleg fargespel som ofte er omtalt som «månestein» og aventurin («solstein»), som er ein plagioklas med eit raudleg fargespel.

Feltspatar kan òg brukast til termolumeniscent datering og optisk datering i geovitenskap og arkeologi.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Feltspat