Fenit Island

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Fenit Island er ei øy utanfor kysten av County Kerry i Republikken Irland. Øya er forbunde til fastlandet via ein sandbanke. Fenit Island ligg i Tralee Bay og omringar Barrow Harbour. Tidlegare vart området kalla 'Fenit Within' og ligg nær områda Tawlacht og Fenit Without på fastlandet. Uttrykket within/without (innanfor/utanfor) referer til murane som verna øya frå åtak frå fastlandet.

Ein kan køyre til øya med bil ved fjøre sjø. Det ligg mange gamle ruinar på øya, inkludert ei borg, to kyrkjer og ein gravplass. Brendan sjøfararen vart fødd på Fenit Island.

Koordinatar: 52°17′N 9°52′W

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.