Fenomen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fotografi av det synlege fenomenet ein ball som sprett.
Foto: MichaelMaggs

Fenomen viser til noko som skjer og kan oppfattast, anten gjennom sansane eller annan observasjon. Ordet stammar frå gresk phainomena (φαινόμενα), frå verbet phainesthai, 'visa seg'.

Ei kvar vanleg hending som følgjer naturlovar kan kallast eit fenomen, til dømes at noko fell til jorda på grunn av gravitasjon. I nokre samanhengar snakkar ein likevel om «fenomen» som noko særskild og uvanleg. I overført tyding kan ordet nyttast om ein eineståande eller uvanleg person, ting eller hending.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]