Fenomenologi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Fenomenologi viser til læra om fenomen, det vil seia oppfatting og sansing av ting heller enn tinga i seg sjølve. Omgrepet er brukt innan filosofi og psykiatri. I moderne fenomenologi er fenomenologi ei grein av vitskapen der ein skildrar fenomen utan å forklara dei kausalt.

Filosofi[endre | endre wikiteksten]

I Phänomenologie des Geistes (1807) av Hegel er fenomenologi læra om formene og utviklinga til medvitet fram til absolutt erkjenning.

Moderne fenomenologi blei utvikla av Franz Brentano og Alexius von Meinong, men framfor alt Edmund Husserl (1859-1938), som rekna fenomenologien for ein reint skildrande «vesensvitskap», motsett alla årsaksforklarande «faktavitskapar». Logikk er eit døme på ein ren fenomenologisk vitskap. Fenomenologien hevdar at filosofien ved å bruka fenomenologiske metodar kan nå eit sikkert grunnlag for kunnskap, dvs. det er innsikter på eit nivå ein ikkje kan trekkje i tvil. Dette kan verke som ei form for kartesianisme, men fenomenologien er anti-kartesiansk og jamvel ikkje-kantiansk.

Eit mykje brukt døme på dette er skilnaden mellom moment og komponent i spørsmålet om tilhøvet mellom delar og heilskap. Nokre delar er nemleg uavhengige i høve til heilskapen (som ei grein til eit tre), andre delar er avhengige (som farge til treet). Greina høyrer til ei tre, men kan òg stå for seg sjølv, men farge kan vi ikkje lausrive på same måten frå treet. Det er desse siste ein kallar moment. Andre moment er fart, spenning og abstrakte omgrep (t.d. hat, kjærlek, tru, tillit). Desse kan vi ikkje skjøne eller laga teoriar om utan å setje dei inn i samanhengen, t.d. i høve til handlingar dei er delar av. Andre viktige døme på udiskutable innskter er tilhøvet mellom eining i mangfald (vi ser alltid heile terningen sjølv om vi berre ser éi side om gangen) og fråværet av noko som er med og skapar heilskapen saman med nærværet av det same. Ein kan t.d. aldri tenkje seg eit objekt utan ei bakside, men denne baksida vil ein ikkje kunne oppfatte samstundes som det som er framsida. Slike allmenne skilnader er det ikkje mogleg å tvile på. Husserl førte slike analysane over i mellom anna tidsfilolosofi og til teoriar om historiske, tradisjonelle og sosiale forhold som konstituerande for oppfatningar. Sosiale prosessar er det langt vanskelegare å skildre på denne måten, men prinsippet er det same.

Viktige uttrykk ein lyt kjenne i fenomenologi er livsverd, reduksjon, setje i klammar, medvit, intensjonalitet, transcendens, transcendentalt, kropp, intersubjektivitet, egologi, noema og noesis. Alle er omdiskuterte.

Det finst ei rad filosofar som i det 20. hundreåret følgte opp fenomeologien som filosofi, mest i Tyskland og Frankrike, og difor kallar ein fenomenologien ofte for kontinental filosofi i motsetnad til den analytiske filosofien. Seinare har desse retningane i noko mon nærma seg kvarandre. Dei fenomenologiske filosfofane hadde visse fellestrekk og difor seier ein at dei var med i ei fenomenologisk rørsle (eng. the phenomenological movement), jf. Spiegelberg nedanfor.

Døme på filosofar frå midten av det 20. hundråret som sjølv har kalla tenkinga si fenomenologisk eller fenomenologisk inspirert er dei som høyrte til i eksistensialismen som den tyske Martin Heidegger og dei franske, som Jean-Paul Sartre. Den franske filosofen Maurice Merleau-Ponty følgte tett i fotefara etter Husserl, t.d. i studiet av kropp som konstituerande dimensjon ved oppfatninga, medan dei andre tok meir avstand frå Husserl. Heidegger var elev av og assistent til Husserl i Freiburg, men dei vart ikkje godt forlikte (av både faglege og politiske grunnar, Husserl var av jødisk ætt og Heidegger vart nazist). Ei rad kjende franske filosofar har byrja sine akademiske karrierar som Husserl-tolkarar, som dei franske Paul Ricoeur, Jacques Derrida og Michel Foucault.

Husserl skreiv enormt mykje (40 000 stenografiske sider vart berga frå nazi-Tyskland og gjeve ut etter krigen). Teoriane hans vart først godt kartlagde på 1990-talet, og enno finst det manuskript som ikkje er offentleg kjende. Den danske fenomenologen Dan Zahavi skreiv såleis i 2001 at ein aldri kan vere heilt sikker på at ein har tolka Husserl rett, for det kan dukke opp eit dokument som forkastar gamle tolkingar (i «Husserl fænomenologi» jf. nedanfor).

Fenomenologi er ei tilnærming som i dag er utbreidd i filosofiske miljø over heile verda. Det finst jamvel en internettorganisasjon som prøver å samle alle fenomenologiske organisasjonar: OPO «The Organization of Phenomenological organizations», jf. lenkje nedanfor.

Psykiatrisk fenomenologi[endre | endre wikiteksten]

Skildrande eller deskriptiv fenomenologi blir brukt i psykologi og psykiatri til å skildra og analysera ein pasient sine tankar, kjensler og åtferd utan bruk av teori eller psykiatriske omgrep. Ein kan dermed samla symptom og anten stilla diagnose eller identifisera nye syndrom eller psykiske lidingar. Psykiatrisk fenomenologi er særleg viktig i å fanga opp prodromalsymptom, opplevingar før ein utviklar ei liding. Metoden kan også nyttast for pasientar sjølve til å vurdera verknaden av behandling og å forstå sin eigen sjukdom.

Konstitutiv fenomenologi[endre | endre wikiteksten]

«Konstitutiv fenomenologi» er namnet på den retninga innanfor fenomenologien som seier å arbeide mest i tråd med tilnærminga frå Husserl. Fenomenologi er her sett på som ein type refleksiv analyse av kva det enn måtte vere i lys av eit fokus på generelle drag ved medvitet. Alle analysar tek utgangspunkt i førestillingar frå livsverda og set andre i parentes (å setje i klammar), ein slags reduksjon som ein seier ikkje reduserer opplevingane, men utvider dei (som i all teori).

Dei refleksive analysane skal både skildre medvitsprosessane (noesis) og det medvitet er retta mot (noema). Vi kan t.d. tenkje på å lage, vurdere og øydelegge (noesis) eit måleri. Måleriet kjem oss då i møte (noema) som ein ting tenkt på, vurdert og øydelagt, men det er same måleriet. Denne strukturen overfører ein på alle analysar av alle fenomen. Ein kjem då fram til dei konstituerande komponentane i alt menneskeleg. Alle møte kan analytisk skildrast ved å trekkje fram (tetisk) posisjonalitet (å tru, verdsetje og handle) og dei to hovudtypane av opplevingar (direkte og indirekte). Dei tre posisjonalitetane kan snu seg mot kvarandre og gje ulike undertypar av posisjonar i møta: teoretiske, aksiotiske (vurderingsmessige) og praktiske. Vi kan ha teori om teori, teori om verdiar, teori om handlingar, vurdering av tru, vurdering av vurdering, vurdering av handling o.s.b. Dei direkte erfaringane er å sjå framover, å oppfatte no og å hugse. Indirekte opplevingar er anten språklege eller ikkje språklege. Dei ikkje-språklege er biletlege eller indikasjonelle. Indikasjonell oppleving er særs vanleg i kvardagen og elles som inngang til røynsler, som i skilt med symbol eller spor i snøen. Alle møte kan òg skildrast ut frå komponenten bruksmåte og ved ulike modalitetar (positiv, negativ og nøytral) o.l. Slike analysar vert særs presise og eignar seg som utgangspunkt for vidare empiriske studiar. Jf. Lester Embree: Reflective Analysis, ZetaBooks, Bucharest, 2006.

Lenkjer[endre | endre wikiteksten]

http://www.stanford.edu/dept/relstud/faculty/sheehan.bak/EHtrans/5-eb.pdf

http://www.o-p-o.net/

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Zahavi, D. (2001). Husserls fænomenologi. Ny, revideret udgave. Gyldendal, København.
  • Embree, L. (2006). Reflective Analysis. A First Introduction into Phenomenological Investigation. Bucharest, Zeta Books.
  • Finlay, L. (2009). «Debating Phenomenological Research Methods.» Phenomenology & Practice 3( Vol 1): 6-25.
  • Finlay, L. (2011). Phenomenology for therapists. Researching the lived world. Chichester, West Sussex, UK, Wiley-Blackwell.
  • Sokolowski, R. (2000). Introduction to Phenomenology. Cambridge, Cambridge University Press.
  • Moran, D. (2000). Introduction to phenomenology. London, Routledge.
  • Bernet, R., I. Kern, et al. (1993). An introduction to Husserlian phenomenology. Evanston, Ill., Northwestern University Press.
  • Føllesdal, D. (1993). Edmund Husserl. Vestens tenkere. T. Berg Eriksen. Oslo, Aschehoug: 168–189.
  • Spiegelberg, H. (1994). The phenomenological movement. A historical introduction. Dordrecht, Kluwer Academic Press.
  • Husserl, E. (1982). Ideas pertaining to a pure phenomenology and to a phenomenological philosophy. 1: General introduction to a pure phenomenology. Dordrecht, Kluwer.
  • Husserlinana-serien Husserliana: Edmund Husserl Gesammelte Werke (Kritische edition). Auf Grund des Nachlasses veröffentlicht vom Husserl-Archiv Leuven. Nijhoff, Den Haag 1950 ff., jetzt: Springer, Berlin 2008: 42 Bände
  • «Fenomenologi» i Nynorskordboka
  • «Fenomenologi» i Store norske leksikon, snl.no. (fri artikkel)
  • «fenomenologi (SML-artikkel)» i Store norske leksikon, snl.no.