Fensfeltet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Fensfeltet ved Ulefoss i Telemark. Høgaste konsentrasjon av thorium i rosa.
Detaljkart av fensfeltet med bergartar.

Fensfeltet er eit geologisk område på omkring 5 km i diameter med mineralførekomstar ved Ulefoss i Telemark. Feltet inneheld fleire djup- og gangbergartar, hovudsakleg karbonatittar, silikat-karbonatittar og nefelin-pyroksenar . I dei seinare åra har særleg førekomsten av torium vorte viktig som fisjonsbrensel i eit mogeleg atomkraftverk. Rettane til drift av thorium er leigd av dotterselskapet til Scatec, Thor Mining, for utnytting i Thor Energy sine planar om eit toriumbasert kjernekraftverk ved Rafnes i Telemark. Førekomsten av torium er estimert til 180 000 tonn og gjer feltet til ein av dei største førekomstane i verda og avhengig av kjelde har Noreg den tredje til sjuande største førekomsten av torium i verda. Energiinnhaldet er potensielt 100 gonger det totale innhaldet i olje og gassressursane på sokkelen. Men konsentrasjonen av toriumoksid når maksimalt 0,2 % (usikker) og gjev tvil om det er drivverdig i forhold til førekomstar andre stader (til dømes Brasil, India og Australia)[1]

Fensfeltet består av djup- og gangbergartar som størkna for 540 millionar år sidan. Feltet strekkjer seg tilnærma sylindrisk nedover og krystalliseringa fann stad om lag 2-3 kilometer under overflata i sprekker i tilførselssystemet til ein vulkan. Sjølve vulkanen er forlengst erodert bort.

Førekomsten vart første gong skildra av av professor Waldemar Christofer Brøgger i 1921 og fleire nye bergartar vart gjeve namn etter gardane i området. I perioden 1650 til 1929 vart det vunne ut jernhaldig dolomitt til Ulefos Jernværk. I ein periode frå 1953 til 1963 vart det brote søvitt og dolomitt i Søve gruver for produksjon av niob ved Norsk HydroHerøya.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Geoportalen: En stor ressurs - Men har vi en forekomst?

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]