Ferdinand Bie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ferdinand Bie

Ferdinand Reinhardt Bie (16. februar 18889. november 1961) var ein norsk friidrettsutøvar som tok OL-gull i femkamp under sommarleikane i Stockholm i 1912. Med dette vart han den første nordmannen som vann olympisk gullmedalje innan friidrett.

Øvingane var: (Bie sine resultat i parentes):

  • lengde (6,85)
  • spyd (46,45)
  • 200 m (23,5)
  • diskos (31,79)
  • 1.500 m (5,07.8)

Gullmedaljen vart tildelt Ferdinand Bie først året etter OL, då amerikanaren Jim Thorpe vart diskvalifisert på grunn av dei dåverande proffbestemmelsane. I 1982 vart denne diskvalifikasjonen gjort om. Samtidig bestemte IOC at Ferdinand Bie framleis skulle stå oppført som olympisk meister i femkamp på lik linje med Thorpe.

Bie vart noregsmeister i lengde og på 110 m hekk under Noregsmeisterskapen i 1910 og fekk Kongepokalen dette året.

I 1911 vart han noregsmeister i tikamp. Han vann lengdekonkurransen i NM igjen i 1917.

Bie representerte Drammens Turnforening, seinare Kristiania Idrætsforening og Studenterne.