Ferdinand Karl av Mantova og Montferrat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ferdinando Carlo
1709 - Charles III Ferdinand de Gonzague, duc de Mantoue (Versailles, copie).jpg
Hertugen av Mantova av Rigaud i 1706
Fullt namn Ferdinando Carlo Gonzaga
Fødd 31. august 1652
Død 5. juli 1708 (55 år)
Gift med Anna Isabella Gonzaga
Suzanne Henriette de Lorraine
Far Karl Gonzaga
Mor Isabella Clara av Austerrike

Ferdinando Carlo Gonzaga (31. august 16525. juli 1708) var det einaste barnet til hertug Karl II av Mantova og Montferrat, og den siste herskaren av Hertugdømet Mantova frå Huset Gonzaga.

Ferdinand Karl var først gift med Anna Isabella Gonzaga, dotter av Ferrante III Gonzaga, hertug av Guastalla og sidan med Suzanne Henriette de Lorraine.

Han mislikte at austerrikarane hadde erobra Guastalla og inngjekk ein avtale med Ludvig XIV av Frankrike i 1678, der han selde Casale. I denne samanhengen kan ministeren hans, grev Ercole Antonio Mattioli, ha vodte mannen i jernmaska, som vart fengsla i Pinerolo i april 1679 for å ha avslørt denne avtalen for fiendane til Frankrike. Hertugen nekta for alt, men inngjekk ein ny avtale med franskmennene i 1681 og fekk slik ein årleg pensjon på 60 000 lire, ein karriere som general, og ein del av i framtidige franske erobringar i Italia. Franskmennene okkuperte Casale den 29. september 1681, og hertugen av Mantova mista respekt i Italia.

Ferdinando Carlo valte igjen den franske sida i den spanske arvefølgjekrigen. I 1701, då den antifranske koalisjonen erobra Mantova, flykta han til Casale. Han måtte betale dyrt for valet sitt då franskmennene vart jaga attende over Alpane i 1706. Han vart alt erklært ein forrædar i 1701 av Josef I av Det tysk-romerske riket og alle eigedomane hans vart konfiskert i 1708.

Huset Savoie fekk den gjenverande halvdelen av Montferrat, etter å ha erobra den førte halvdelen under den mantovanske arvefølgjekrigen i 1631. Hertugdømet Mantova vart austerriksk og ikkje lenger sjølvstendig. Ferdinando Carlo døydde same året i Padova.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]