Ferdinand Tönnies

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Byste av Ferdinand Tönnies i Husum

Ferdinand Tönnies (26. juli 18559. april 1936) var ein tysk sosiolog og filosof. Han var ein viktig bidragsytar til samfunnsteorien, og pådrivar for feltstudiar. Tönnies er særleg kjend for å ha introdusert dei sosiologiske omgrepa Gemeinschaft og Gesellschaft (1887). Han er elles kjend for å ha vekt til live filosofen Thomas Hobbes sine tankar. Tönnies var den første leiaren (1909-33) i Deutsche Gesellschaft für Soziologie, vart avsett av nazi-styresmaktene.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Tönnies vart fødd ved Oldenswort (Ejderstedt) i Nordfrisland i Slesvig-Holstein, den gong under dansk styre. Faren var ein velståande bonde. Tönnies studerte ved universiteta i Jena, Bonn, Leipzig, Berlin og Tübingen. I 1881, fire år etter han hadde avlagt doktorgrad, vart han privatlærar ved universitetet i Kiel. I 1896 uttrykte han sympati med streikande hamnearbeidarar i Hamburg. Den konservative regjeringa i Preussen rekna han deretter for sosialdemokrat, og han fekk ikkje professorat før enn 1913. Dette innehadde han i tre år, men han underviste på universitet også i perioden 1921-33. Han vart då fjerna for tidlegare å ha publisert nazikritiske skrifter.

Tönnies var den første eigentleg sosiolog i Tyskland. Han skreiv over 900 artiklar og bøker og ytte verdfulle innskot til både sosiologien og filosofien. Mange av hans skrifter om samfunnsteori, også Gemeinschaft und Gesellschaft, var med å gjere sosiologien til eit eige kunnskapsfag. Han stod og bak nemninga voluntarisme. Også i studiar av samfunnsendring var han aktiv, særleg omkring folkemeiningar, skikkar, tekonologi, lovbrot og sjølvmord. Han hadde ei levande interesse for metodologi i samfunnsforsking, spesielt for statistiske metodar.

Gemeinschaft og Gesellschaft[endre | endre wikiteksten]

Tönnies skilde mellom to typar av sosiale fellesskap. Gemeinschaft viser til ein type fellesskap basert på kjensler av å høyre til einannan. Banda mellom dei enkelte er meint å vidareførast, å oppretthalde gruppa er eit hovudmål for den enkelte medlem. Nemninga Gesellschaft viser til samfunnsgrupper som held saman så lenge dei er ein tenleg reiskap for å oppnå bestemte, omforeinte målsettingar for den enkelte medlem.

Skiljet mellom sosiale fellesskap er basert på tanken om at det finst berre to former for viljeshandling. Ein sosial aktør som følgjer særviljen (Wesenwille) ser på seg sjølv som ein reiskap som oppfyller måla til fellesskapen. Ofte er det snakk om ei underliggande, ubevisst kraft. Fellesskap danna kring ein særvilje vert kalla Gemeinschaft. Vilkårsviljen er den andre forma for vilje. Aktøren ser då på den sosiale fellesskapen som ein reiskap for å fremje hans personlege mål; vilkårsviljen er målretta og framtidsorientert. Slike fellesskapsgrupper vert kalla Gesellschaft. Medlemsskap i Gemeinschaft er sjølvoppfyllande, medan Gesellschaft er eit instrument for sine medlemer. Teoretisk sett er desse to normsetta strengt åtskilde, men i empirisk, anvend sosiologi vert dei alltid fløkte inn i kvarandre.

Familien og grannelaget i det gamle bondesamfunnet var ein type Gemeinschaft. Aksjseselskap, fagforeiningar og politiske parti i moderne samfunn er døme på Gesellschaft. Fellesskap av typen Gesellschaft oppstår i kapitalistiske, bymessige samfunn. Slike samfunn er kjennteikna ved upersonlege, økonomiske samhandlingar mellom folk. Sosiale band vert gjerne instrumentelle og overflatiske, sjølvinteresse og utnytting tek i stor grad over som norm.

Tönnies sitt skilje mellom Gemeinschaft og Gesellschaft har vorte kritisert for å overforenkle ulikskapen mellom samfunnstypane.

Han døydde i Kiel.

Nokre verk[endre | endre wikiteksten]

  • Gemeinschaft und Gesellschaft, 1887
  • Der Nietzsche-Kultus, 1897
  • Thomas Hobbes, der Mann und der Denker, 1910
  • Kritik der öffentlichen Meinung, 1922
  • Soziologische Studien und Kritiken, 3 bd., 1924, 1926, 1929
  • Einführung in die Soziologie, 1931 (tr. Ewald Bosse: Innledning til Sociologien, Oslo 1932)
  • Geist der Neuzeit, Leipzig (Buske) 1935
  • Ferdinand Tönnies - Harald Höffding. Briefwechsel, ed. Cornelius Bickel/Rolf Fechner, Berlin (Duncker & Humblot) 1989
  • Ferdinand Tönnies Gesamtausgabe, red: Lars Clausen, Alexander Deichsel, Cornelius Bickel, Carsten Schlüter-Knauer og Uwe Carstens, 24 bd., Berlin/New York (de Gruyter) 1998–

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]