Ferdinand von Zeppelin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Grev Ferdinand von Zeppelin.

Ferdinand Graf von Zeppelin (8. juli 18388. mars 1917) var ein tysk offiser og luftskipskonstruktør.

Zeppelin var elev på militærskulen i Ludwigsburg og vart i 1858 utnemnt til løytnant. I 1859 vart han kalla til ingeniørkorpset og han deltok frå 1863 som observatør i den amerikanske borgarkrigen og seinare – i 1866 – som generalstabsoffiser i den tyske krigen og i den fransk-tyske krigen 18701871. Frå 1882 til 1885 var Zeppelin kommandør for ulanregimentet Ulmanschliessend og Württemberg sin gesandt i Berlin. I 1891 tok han som generalløytnant avskjed, men vart i 1906 utnemnt til general av kavaleriet.

Frå 1880-åra starta Zeppelin å sjå på problema i samband med å styre ballongar og starta i 1899 bygginga av den første styrbare ballongen sin, som i 1900 gjorde tre flygingar over Bodensjøen. Dei stadig betre resultata førte til at det vart gjennomført ein nasjonal innsamling der halvparten av dei innbetalte over 6 millionar mark vart sett i Luftschiffbaugesellschaft Zeppelin G.mb.H.

I 1908 kjøpte militæret det fullt funksjonsdyktige luftskipet Z3. Inntil 1914 gjorde Deutsche Luftschiffahrgesellschaft (Delag) meir 1 500 flygingar og frakta 35 000 personar utan uhell. Under den første verdskrigen vart det klart at zeppelinarane ikkje var egna i krig, då dei utgjorde ei alt for stor åtaksflate.

Zeppelinfjellet ved Ny-ÅlesundSpitsbergen er kalla opp etter han.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]