Ferguson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ferguson traktor. Utstilt ved Lyngdal Jordbruksmuseum

Ferguson et eit tidlegare traktormerke. Nordiren Harry Ferguson utvikla, saman med Willie Sands, Thomas McGregor Greer og John Chambers eit trepunktsoppheng med hydraulisk djupnkontroll[1]. Prototypen «The black tractor» stod ferdig i 1933, men Ferguson otte ikkje midlar til å produsera traktoren. Han inngjekk difor eit samarbeide med tannhjulsprodusenten David Brown i Huddersfield og i 1934 stifta dei føretaket Ferguson-Brown Company. Saman produserte dei traktoren Ferguson-Brown Model A, som var den fyrste serieproduserte traktoren med trepunktsoppheng og djupnkontrol. Ferguson hadde fleire patent på trepunktsopphenget og djupnkontrollen. Ferguson-Brown var på denne tida den einaste traktoren med dette systemet[1].

I 1938 vart det gjort ein avtale med Henry Ford om å produsere traktorar med Ferguson sitt trepunktsoppheng med hydraulisk djupnkontroll. Traktorane vart merka «Ford» «Ferguson system». Ford gjekk frå denne avtalen i 1946, men heldt fram med å nytte Ferguson sine patent. Ferguson reise sak mot Ford, ei sak som helt fram heilt til 1951 og vart svært kostbar for begge partane. I 1951 enda saka med eit forlik som gjekk ut på at Ford betalte Ferguson 9 250 000 $ som erstatning for ulovleg bruk av patenta til Ferguson. Ferguson gjekk så inn i eit samarbeid med det britiske føretaket Standard Motor Company, i Coventry, som i 1946 tok til å produsere ein litt modifisert versjon av Ford-Ferguson. Denne traktoren fekk typenemninga Ferguson TE20[1]. I Noreg vart han populært kalla «gråtass».

I 1953 slo Ferguson seg saman med Massey-Harris til Massey-Harris-Ferguson, som i dag er Massey-Ferguson. Då patenta til Ferguson gjekk ut kopierta så godt som alle andre produsentar både trepunktsopphenget og den hydrauliske djupnkontrollen. Trepunktsopphenget vart standardisert og vert framleis nytta.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Fraser, C., Harry Ferguson — Inventor and pioner, Old Pond, 1972.