Fernand Léger

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Fernand Léger

Joseph Fernand Henri Léger (4. februar 188117. august 1955) var ein fransk målar og skulptør. Arbeida hans var først impesjonistisk inspirert, medan kubisme og abstraksjon er tydeleg i hans seinare verk. Han opna målarskule og påverka mellom anna fleire skandinaviske kunstnarar, både før og etter andre verdskrigen.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Léger var fødd i Argentan i Orne i Basse-Normandie, foreldra var gardbrukarar. Frå 1897 til -99 var han lærling hos ein arkitekt, før han fór til Paris i 1900 og jobba som teknisk teiknar. Ferdig med militærtenesta gjekk han på dekorasjonsskule og kunstskule.

Kunstmaling tok han opp for alvor då han var 25 år gammal. Dei første bileta hans viste tydeleg impresjonistisk påverknad. Hausten 1907 vart opna ei retrospektiv utstilling av Cézanne sin kunst i 'Salon d'Automne'. Denne synest å ha inspirert Léger til å legge meir vekt på teikning og geometriske former.[1]

I 1909 flytta Léger til Montparnasse og møtte avant-garde-kunstnarar som Alexander Archipenko, Marc Chagall og Robert Delaunay. Hovudarbeidet hans frå denne perioden er Nues en la Forét (1909-10), der han viste si eiga form for kubisme.[2]

I 1910 var han med på å danne Puteauxgruppa saman med Delaunay, Jacques Villon, Henri Le Fauconnier, Albert Gleizes, Francis Picabia og Marie Laurencin. Léger hadde også vorte kjend med den italienske futurismen og laga meir abstrakte bilete fram til 1914. Fargane var primærfargene samt grønt, svart og kvitt.

Léger deltok i krigsteneste under første verdskrigen. To år var han ved fronten i Argonne. Han laga då mange skisser av soldatar og krigsutstyr. I september 1916 vart han forgifta av sennepsgass ved Verdun. Han kom over det, og måla i 1917 Kortspelarane, eit verk som viser robotliknande figurar med spelkort.

Jeg ble lamslått over synet av en 75-millimeter i sollyset. Det var magi i lyset på det hvite metallet. Det var alt som skulle til for å få meg til å glemme abstraksjonene i 1912 og 1913. Variasjonen, grovhetene, humoren og - ja - perfektheten hos enkelte av mennene rundt meg, deres sans for nytteverdier og bruken av dem midt i det liv-og-død-dramaet vi var midt oppe i - - - fikk meg til å ønske å male i slang, med all dens farge og spennvidde.

Kortspelarane markerte ei endring i målestil og tankane rundt det som vert kalla hans mekanistiske periode. I 1920 byrja han eit livslangt vennskap med arkitekten og stilskaparen Le Corbusier.

Utover i 1920-åra laga Léger bilete som nok var moderne, men samstundes stod i ein tradisjon som gjekk tilbake til Poussin og Corot.[3] I mangt synest han også å ha vore inspirert av Henri Rousseau, som han hadde møtt i 1909 og beundra.

Som modernist var Léger tiltrekt av film som medium.[4]. I 1923-24 designa han oppsettet for Marcel L'Herbier sin film L'Inhumaine (den umenneskelege). Same året var han saman med Dudley Murphy, George Antheil og Man Ray om å lage ein futurismeinspirert film: Ballet Mécanique. Filmen er ikkje abstrakt, men har heller inga historie å fortelje. Han er ein serie nærbilete av ein kvinnemunn og av kvardagsting, maskinar som går, med stempel i rytmisk rørsle.[5].

I samarbeid med andre kunstnarar etablerte han ein skule der han og andre underviste frå 1924. Under andre verdskrigen budde han i USA.

Då Léger vende tilbake til Frankrike i 1945, melde han seg inn i det franske kommunistpartiet. Arbeida vart mindre abstrakte, dei synte mange monumentale figurkomposisjonar av dykkarar, akrobatar, bygningsarbeidarar og meir landlege idyllar. Prosjekta hans omfatta då gjerne bokillustrasjonar, murmåleri, glasmåleri, mosaikkar, fleirfarga keramikk, betongskulpturar samt utstyr for teater (kostyme og kulissar).

Etter 1950 gav Léger førelesingar i Bern, forma mosaikkar og glasmåleri til universitetet i Caracas i Venezuela, samt ein del større måleri. I 1952 vart to store murmåleri installert i hallen på FNs generalforsamling i New York.

Han døydde i heimen sin i 1955. Musée Fernand Léger vart opna i Biot i Alpes-Maritimes i Frankrike i 1960. Henie Onstad-museet har bilete av Léger.

Notar[endre | endre wikiteksten]

  1. Néret, 1993, pp. 35-38.
  2. Néret, 1993, pp. 102 og 242.
  3. Cowling and Mundy, 1990, pp. 136-138.
  4. Néret, 1993, p. 119.
  5. Eliel, 2001, p. 44.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Derouet, Christian m.fl.; Léger og Norden. København: Statens Museum for Kunst. 1992. ISBN 91-7100-429-7

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Fernand Léger