Fernando De Napoli

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fernando De Napoli
Personleg informasjon
Fødselsdato 15. mars 1964 (59 år)
Fødestad Chiusano di San Domenico i Italia
Høgd 178 cm
Posisjon Midtbanespelar
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1982-1983 Rimini 31 (2)
1983-1986 Avellino 73 (3)
1986-1992 Napoli 176 (8)
1992-1994 Milan 9 (0)
1994-1997 Reggiana 58 (0)
Totalt 347 (13)
Landslag
1986-1992 Italia 54 (1)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

Fernando De Napoli (fødd 15. mars 1964) er ein italiensk, tidlegare fotballspelar frå Chiusano di San Domenico i provinsen Avellino. Midtbanespelaren er særleg kjend frå sine seks år (1986-92) med SSC Napoli. Han vann to italienske seriemeisterskap og eitt cupmeisterskap, samt UEFA-cupen med klubben. Mellom 1986 og -92 spela han 54 landskampar for Italia og vann VM-bronse i 1990.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

De Napoli debuterte i 1982 for fotballklubben Rimini Calcio i Serie C. Sommaren 1983 flytta han over til Serie A-klubben Avellino, der han spela i tre år. I 1986 gjekk han vidare til naboklubben i Campania-regionen, SSC Napoli. Her var han dei neste sesongane mellom dei viktigaste spelarane i klubben, i det som skulle verte Napoli-klubben si stordomstid. De Napoli spela mellom andre saman med Diego Maradona. Gjennom dei seks åra i Napoli var De Napoli med på å vinne både serien og cupen i sin fyrste sesong, 1987. To år seinare sigra klubben med samanlagt 5-4 over tyske Stuttgart i dobbelfinalen i UEFA-cupen, før det i 1990 vart eit nytt seriemeisterskap.

De Napoli vart i i 1992 overført til AC Milan. Her fekk han lite speletid og gjekk då i juli 1994 vidare til Reggiana. Der spela han i tre sesongar, for ein klubb som då var med i Serie A. Han la opp i 1997.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

De Napoli fekk sin landslagsdebut for Italia den 11. mai 1986 mot Kina. Kampen vart spela i Napoli og Italia vann 2–0. Han deltok i VM 1986, EM 1988 og VM 1990. I den sistnemnde meisterskapen spela han alle kampane, unnateke den avsluttande bronsefinalen, der Italia slo England 2-1. Totalt spela han 54 kampar for Italia. Hans einaste landslagsmål kom mot Argentina i ein vennskapslandskamp i 1987.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • VM-bronse 1990 for Italia
  • Vinnar av UEFA-cupen 1989 med SSC Napoli
  • Italiensk seriemeister 1987 og 1990 med SSC Napoli
  • Italiensk cupmeister 1987 med SSC Napoli

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]