Ferrara

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ferrara
Gamlebyen i Ferrara
Gamlebyen i Ferrara
Byvåpenet til Ferrara
Byvåpenet til Ferrara


Plassering
Ferrara is located in Italia
Styresmakter
Land
Region
Provins
Italia Italia
Emilia-Romagna
Ferrara
Borgarmeister Ferraresi
Geografi
Flatevidd
 - By

404 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2005)
   - folketettleik

131 907
  323/km²
Koordinatar 44°50′″N 11°37′″EKoordinatar: 44°50′″N 11°37′″E
Høgd over havet 9 m
Diverse annan informasjon
Postnummer 44100
Telefon-retningsnummer 0532
Nettstad: www.comune.ferrara.it

Ferrara er ein by i Italia. Han er hovudstad i provinsen Ferrara i regionen Emilia-Romagna og har om lag 130 000 innbyggjarar.

Han ligg 50 km nordaust for Bologna, ved Po di Volano, ei kanal som går til elva Po, om lag 5 km lenger nord. Byen har vide gater og fleire palass frå 1300-talet, då han var residens for Huset Este.

I moderne tider har byen vorte eit industrisenter. Ferrara ligg på jernbanelinja frå Bologna til Padova og Venezia, og har greiner til Ravenna, Poggio Rusco (for Suzzara) og Codigoro.

Gamlebyen i Ferrara med mange bygg frå renessansen er i dag på UNESCO si verdsarvliste.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Den romanske domkyrkja

Opphavet til Ferrara er usikkert, men vart truleg busett av innbyggjarar frå lagunane ved munningen av Po. Ferrara vert først nemnd i eit dokument av den langobardiske kongen Aistulf i 754 som ein by i eksarkatet Ravenna. Desiderius pantsette eit lombardisk ducatus ferrariae («hertugdømet Ferara») i 757 til pave Stefan II. Etter 984 var han eit len eigd av Tedaldo, greve av Modena og Kanossa og nevøen til keisar Otto I. Han vart seinare sjølvstendig og i 1101 vart han erobra ved etter omleiring av grevinne Matilda. Frå denne tida vart han stort sett styrt av fleire mektige familiar, som Adelardi.

I 1146 døydde Guglielmo Adelardi, den siste i familien Adelardi og eigedomen hans gjekk vidare som medgift med niesa Marchesella til Azzo VI d'Este. Det var mykje fiendskap mellom den nyankomne familien og Salinguerra-familien, men etter fleire kampar vart Azzo VII Novello omsider utnemnd til podestà i 1242. Barnebarnet hans tok over etter han og Huset Este slo seg så ned i Ferrara. I 1289 vart han òg vald til herre av Modena og eitt år seinare av Reggio.

Niccolò III (13931441) tok imot fleire pavar, som Eugenius IV, som haldt eit råd her i 1438. Sonen hans, Borso, fekk tittelen hertug for dei keisarlege lena Modena og Reggio av keisar emperor Fredrik III i 1452 (same året som Girolamo Savonarola vart fødd her), og i 1471 av Ferrara av pave Paul II. Ercole I (14711505) haldt fram krigen med Venezia og auka velstanden til byen.

Casello Estense

Under regjeringstida til Ercole I, ein av dei herskarane som hadde størst hugnad for kunst på 1400 og 1500-talet i Italia etter Medici-familien, vart Ferrara eit stort kultursenter, særleg innan musikk. Komponistar kom til Ferrara frå mange stader i Europa, særleg Frankrike og Flandern. Josquin Des Prez arbeida for hertug Ercole ein peridoe (og skreiv Missa Hercules dux Ferrariæ for han); Jacob Obrecht kom til Ferrara to gonger (og døydde her under Svartedauden i 1505); og Antoine Brumel var musikar for hertugen i 1505. Alfonso I, son til Ercole, hadde òg stor hugnad for kunst og musikk og under han vart Ferrara eit viktig senter for musikk spelat av lutt.

Alfonso gifta seg med den berykta Lucrezia Borgia, og haldt fram krigen mot Venezia med stort hell. I 1509 vart han lyst i bann av pave Julius II, og han vann over pavehæren i 1512 då han forsvarte Ravenna.

Sonen hans Alfonso II gifta seg med Lucrezia, dottera til storhertug Cosimo I av Toscana, og så Barbara, systera til keisar Maximilian II og til slutt Margherita Gonzaga, dottera til hertugen av Mantova. Han tok Ferrara til eit høgdepunkt og hadde hos seg kunstnarar og filosofar, som Tasso, Guarini og Cremonini, og oppretthald familien sin hugnad for kunst og vitskap. Han hadde ingen mannlege arvingar og i 1597 vart Ferrara erklært eit ledig len av pave Clement VIII, og det same vart Comacchio.

Under regjeringstida til Alfonso II var Ferrara igjen eit av dei store musikksentera i Italia med komponistar som Luzzasco Luzzaschi, Lodovico Agostini, og seinare Carlo Gesualdo, som hadde avant-garde tendensar og av songarar fann ein dei tre kvinnene Laura Peverara, Anna Guarini og Livia d'Arco.

Ei festning vart bygd av pave Paul V på staden der borga Castel Tedaldo låg, i sørvestenden av byen. Byen vart verande under Kyrkjestaten, men vart okkupert av ein austerriksk garnison frå 1832 til 1859, då han vart ein del av kongedømet Italy.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]