Ferrignostraumen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 73°43′S 83°49′W
Ferrignostraumen
isstraum
Land Flag of Antarctica.svg Antarktis
stad Ellsworth Land
 - koordinatar 73°43′S 83°49′W
Administrert under Antarktistraktaten
Ferrignostraumen is located in Antarktis
Ferrignostraumen (Antarktis)

Ferrignostraumen er ein isstraum på meir enn 10 km som flyt ut i Eltanin Bay sørvest for Wirth Peninsula i Antarktis. Han vart namngjeven av Advisory Committee on Antarctic Names etter Jane G. Ferrigno frå United States Geological Survey (USGS). Ferrigno har vore ein spesialist nokre tiår frå 1970-åra i bruk av satellittbilete for isbrestudiar og kartkompilering.[1]

Under breen ligg Ferrigno Rift, ein riftdalen som er 1,5 km djup, 10 km brei og minst 100 km lang.[2] Riftdalen vart oppdaga ved hjelp av radar som trengde ned i isen under kartlegginga av isbreen i 2010 av ei gruppe frå British Antarctic Survey og University of Aberdeen.[3] Den isfylte riftdalen er knytt til havet og ein trur at han har innverknad på istapet frå Den vestantarktiske innlandsisen.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Ferrigno Ice Stream». Geographic Names Information System, U.S. Geological Survey. http://geonames.usgs.gov/pls/gnispublic/f?p=gnispq:5:::NO::P5_ANTAR_ID:18342. Henta 16. januar 2014. 
  2. Bingham, Robert G.; Ferraccioli, Fausto; King, Edward C.; Larter, Robert D.; Pritchard, Hamish D.; Smith, Andrew M.; Vaughan, David G. (2012). «Inland thinning of The West Antarctic Ice Sheet steered langs sub-glacial rifts». Nature 487: 468–471. doi:10.1038/nature11292. 
  3. 3,0 3,1 Hidden Rift Valley discovered Beneath West-Antarctic Reveals New Insight Into Ice Loss, ScienceDaily.com, July 25, 2012, http://www.sciencedaily.com/releases/2012/07/120725132208.htm, henta 28. januar 2014 

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Ferrignostraumen» (innhald frå Geographic Names Information System).