Ferroelektrisitet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ferroelektrisitet er ei nemning for det fenomenet at einskilde stoff har ein uvanleg høg relativ permittivitet (dielektrisitetskonstant), og kan bli permanent elektrisk polarisert av eit elektrisk felt. Nemninga er laga i analogi med ferromagnetisme, og desse fenomena har mange analogiar. Ferroelektrisiteten skuldast den elektriske vekselverknaden mellom atoma i eit krystallgitter som fører til at molekylære elektriske dipolmoment stiller seg inn i same retning (sjå dielektrikum). Ferroelektriske stoff syner hysterese (i likskap med ferromagnetiske material), og effekten er temperaturavhengig. For nokre stoff opptrer effekten berre i eit lite temperaturintervall, for andre frå det absolutte nullpunktet og opp til ein karakteristisk maksimal temperatur (det elektriske curiepunktet). Godt kjende ferroelektriske stoff er kvarts, seignettesalt og bariumtitanat.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]